Historisk arkiv

Budsjett 2009:

Styrkjer arbeidet mot diskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa foreslår å styrkje Likestillings- og diskrimineringsombodet med 9 millionar kroner for å kjempe mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og styrkje eksisterande diskrimineringsvern. Ytterlegare 4 millionar kroner vert foreslått til ny handlingsplan mot etnisk diskriminering.

Regjeringa foreslår å styrkje Likestillings- og diskrimineringsombodet med 9 millionar kroner for å kjempe mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og styrkje eksisterande diskrimineringsvern. Ytterlegare 4 millionar kroner vert foreslått til ny handlingsplan mot etnisk diskriminering.

Diskriminerings- og tilgjengelova trer i kraft 1. januar 2009. Den nye lova og eksisterande diskrimineringslov, får ei ny lovføresegn om aktivitets- og rapporteringsplikt. Likestillings- og diskrimineringsombodet skal handheve begge lovene og følgje opp aktiviserings- og rapporteringsplikta for offentlege styresmakter, arbeidsgjevarar og arbeidslivet sine organisasjonar.

-Det er viktig at det blir arbeidd målretta for å oppnå likestilling og hindre diskriminering av menneske med nedsett funksjonsevne. Vi skal samordne arbeidet med fleire av diskrimineringsgrunnlaga og det skal bli eit leiaransvar å følgje dette opp, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Regjeringa legg fram ny handlingsplan mot etnisk diskriminering våren 2009. Handlingsplanen skal førebyggje og kjempe mot både direkte og indirekte diskriminering. Arbeidsliv og offentleg tenesteyting skal være sentrale innsatsområde i planen.

- Likestillings- og diskrimineringsombodet gjer ein viktig innsats for å fremme kvinners likestilling. Ombodets arbeid inkluderer òg etniske minoritetar og no personar med nedsett funksjonsevne. Deltaking og likestilling er viktig på alle samfunnsområde, men særleg innafor arbeidslivet. Å ha høve til lønna arbeid har mykje å seie for den einskilde sin livssituasjon. I tillegg er det ein strategi som lønnar seg samfunnsøkonomisk, seier statsråd Huitfeldt.