Forbrukerinformasjon
Det er eit sentralt forbrukarpolitisk mål å medverke til at forbrukarane er best mogleg informerte om kva rettar dei har, om rammevilkår elles og om marknadstilhøve.
Den viktigaste kjelda for offentleg forbrukarinformasjon er Forbrukarrådet, som – i tillegg til å stå bak forbrukerportalen.no of finansportalen.no på Internett – driv med individuell rettleiing overfor publikum via telefon. Forbrukarinformasjon finst også på nettsidene til Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) og ei rad departement og tilsynsetatar.