Ei undersøking av handteringa av dei menneskelege sidene
[Rapport, Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, 18.06.2010]
Svært få av dei tilsette vart med permanent då sju statlege tilsyn vart flytta ut av Oslo. Av dei som valde å slutte, har langt dei fleste greidd seg godt og fått nye jobbar. Likevel er dei kritiske både til utflyttingsvedtaket og til prosessen, og er uroa for korleis ein varetek oppgåvene i dei nye tilsyna når så mange av dei tilsette er bytte ut.