Historisk arkiv

Fornying av den statlege kommunikasjonspolitikken - Mandat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Etter drøftingar i regjeringa er det bestemt at den noverande statlege informasjonspolitikken skal fornyast og heite kommunikasjonspolitikk.

Etter drøftingar i regjeringa er det bestemt at den noverande statlege informasjonspolitikken skal fornyast og heite kommunikasjonspolitikk.

1. Bakgrunn

Den statlege informasjonspolitikken vart vedteken i 1993, etter at det såkalla ”Informasjonsutvalget” la fram si utgreiing ”NOU 1991: 21 Ikke bare ord….”.  Informasjonspolitikken vart revidert i 2001, og har som  mål at innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar skal a) ha lik tilgang til å vere aktivt med i den demokratiske prosessen, b) få informasjon om rettane og pliktane sine og sine moglegheiter, og c) ha tilgang til informasjon om aktivitetane det offentlege står for.  Informasjonspolitikken skal dessutan medverke til at informasjonen blir nytta som verkemiddel for å nå politiske mål.

Den statlege informasjonspolitikken har til no bygd på desse fem prinsippa:

  • kommunikasjonsprinsippet – om likeverd mellom avsendar og mottakar
  • prinsippet om aktiv informasjon
  • heilskapsprinsippet
  • linjeprinsippet
  • prinsippet om informasjon som leiaransvar

2. Utviklinga sidan den statlege informasjonspolitikken sist vart vedteken

Det har vore ei rivande utvikling innafor informasjon og kommunikasjon sidan den statlege informasjonspolitikken sist vart vedteken. Ikkje minst er krava retta mot dei statlege organa blitt mykje høgare enn før.  Årsakene til dette er utviklinga innan teknologi, informasjonsbransjen og medier, men óg at krava frå innbyggjarane aukar, både med omsyn til betre kvalitet,  innbyggjarane sine behov og meir effektiv sakshandsaming. Departementa, som er sekretariat for politisk leiing, har ei særleg utfordring.  Ei av årsakene til at vi ynskjer å fornye informasjonspolitikken, er at det er noko ulik praksis i departementa i handsaminga av pressa, og med omsyn til openheit og tilgjenge. 

Internetteknologien gjer sitt til at moglegheitene for kommunikasjon mellom staten og innbyggjarane er mykje betre enn før, jf sjølvmeldinga og Altinn. Samstundes har vi mange innbyggjarar utan digital kompetanse eller tilgang på internett.  

Informasjon har i dei seinare åra utvikla seg til meir og meir å bli ei vare på ein marknad. Ei rekke byrå leverer tenester på denne marknaden, der det offentlege kan vere både oppdragsgjevar og målgruppe. Tunge lobbygrupper kan gjennom betalt informasjonsverksemd søke å påverke demokratiske prosessar, og det fører til nye utfordringar til informasjon frå det offentlege. I tillegg er det kome etiske retningsliner for statstenesta, og snart vil ei ny offentleglov bli sett i kraft.

I  Soria Moria-erklæringa er det mellom anna streka under at alle må få tilgjenge til kunnskap og innsikt som gjer det mogleg å ta del i dei demokratiske prosessane i samfunnet.
 
Utviklinga gjer at det i dag er meir naturleg å bruke omgrepet ”kommunikasjonspolitikk” framfor ”informasjonspolitikk”. På denne  bakgrunnen  meiner eg at det er naudsynt å fornye den statlege informasjons-/kommunikasjonspolitikken.

3. Den nye kommunikasjonspolitikken – innhald og prosess

Den nye kommunikasjonspolitikken skal leggje vekt på korleis forvaltninga på best vis kan kommunisere med innbyggjarane i dagens samfunn. Den nye kommunikasjonspolitikken skal óg sikre at informasjonen når fram til alle grupper i befolkninga, og det offentlege skal i alle høve nytte eit enkelt og forståeleg språk.

Målet med arbeidet er å sjå på den noverande statlege informasjonspolitikken og praktiseringa av han, og komme med framlegg om ein ny kommunikasjonspolitikk for staten som er i tråd med den tida vi lever i og regjeringa sin politikk på området.

Vidare er det er naudsynt å oppdatere den statlege informasjonspolitikken i høve til den nye offentleglova og dei etiske retningslinene for statstenesta, men det kan óg tenkast ulike nye tema som det kan bli aktuelt å inkludere i den nye informasjonspolitikken.

4. Oppdraget

Det skal utarbeidast eit framlegg til ny kommunikasjonspolitikk for staten, med bakgrunn i punkta 1 – 3 ovanfor.

Dei noverande fem prinsippa for informasjons-/kommunikasjonspolitikken må óg vurderast i høve til ein slik gjennomgang.

Behovet for FOU skal og vurderast.

Prosessen skal vere open og inkluderande, mellom anna skal det innleiingsvis arrangerast ein rundebordskonferanse med dei mest berørte.

På grunnlag av handsaminga i Regjeringa kan ein óg mellom anna vurdere:

  • om det skal vere ei plikt for statlege organ til å gje seg til kjenne når dei informerar
  • krav til forvaltninga om korrekte og ajourførte faktaopplysningar
  • krav om å nå fram til alle aktuelle brukarar når ein informerar
  • om det skal vere mogleg for forvaltningsorganer til å sponse eller å bli sponsa
  • informasjon og kommunikasjon knytta til kriser og uventa situasjonar
  • lobbying
  • profilering og omdømmevurderingar
  • tilhøvet mellom politisk og administrativ informasjonsverksemd i departementa
  • einsarta praksis mellom departementa
  • informasjon som verkemiddel for leiarskapet

Andre tema kan og takast opp. Drøftingane av dei einskilde tema kan óg føre til framlegg om tiltak.

Eit utkast til ein ny, statleg kommunikasjonspolitikk skal ligge føre før 1. mars 2008, og blir fremja på vanleg måte i lina.

5. Organisering av arbeidet

  
Prosjektgruppe
Det vert etablert ei intern prosjektgruppe med sekretariat til å utarbeide tekstframlegg og bestille eksterne bidrag. Gruppa vil ha deltakarar frå dei aktuelle avdelingane i FAD og Kommunikasjonseininga, med Statskonsult som sekretariat, under leiing av APA ved
Ole Willy Sandbekk.

Interdepartemental arbeidsgruppe
Det vert etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe, som vil drøfte tekstframlegg, gje innspel undervegs og vere premissleverandør for arbeidet.

Medlemmer:

  1. Informasjonssjef Ingrid Vigerust, Helse- og omsorgsdepartementet
  2. Informasjonsrådgiver Torbjørn Furulund, Kultur- og kirkedepartementet
  3. Kommunikasjonssjef Trude Måseide, Statsministerens kontor
  4. Departementsråd Harald Nybøen, Barne- og likestillingsdepartementet
  5. Informasjonssjef Wenche Rasch, Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  6. Daglig leder (konstituert) Trude Risnes, norge.no
  7. Kommunikasjonssjef Anne Lene Sandsten, Utenriksdepartementet
  8. Informasjonssjef Hege Turnes, Toll- og avgiftsdirektoratet
  9. Seniorrådgiver Trond Øvstedal, Justis- og politidepartementet

Gruppa vil bli leia av FAD ved APA/Ole Willy Sandbekk

Statssekretærutvalet:

  1. Torbjørn Giæver Eriksen, SMK
  2. Roger Østlie Sandum, FIN
  3. Guri Størvold, OED
  4. Wenche Lyngholm, FAD

Statssekretærutvalet skal trekkjast inn i saka ved viktige milestolpar  og før det endelege utkastet til ny kommunikasjonspolitikk skal handsamast i regjeringa.

Instansar som skal trekkast med i prosessen på ulike måtar, til dømes gjennom møter og rundebordskonferanse

Akademia/forskarar  i medievitskap frå Noreg eller utlandet)
2) Ein stor statleg brukar (hvis dette ikkje blir dekt godt av referansegruppa)
3) – 6) Tenestemennene sine hovudsamanslutningar
- LO-Stat
- YS-Stat
- Akademikerne
- UNIO-Stat
7) Kommunikasjonsforeningen
8) Norsk Presseforbund

Desse instansane skal vere med i dei innleiande  drøftingane om statens nye kommunikasjonspolitikk, men kan óg komme med innspel i løpet av prosessen.

Innbyggjarpanel:
Det blir sett saman eit innbygggjarpanel, med eit utval av deltakarane på Regjeringa sin  innbyggjarkonferanse 2007.  Ungdommen skal være godt representert i panelet. Panelet skal og nyttast i arbeidet med ny rettleiar i innbyggjarmedverknad.

Innbyggjarpanelet skal i løpet av prosessen kommentere utkast til ny kommunikasjonspolitikk, eventuelt også komme med framlegg til innhaldet.

6.  Milestolpeplan

  1. Mandat (5. september 2007)
  2. Første møte i prosjektgruppa (20. september 2007)
  3. Utarbeiding av utkast med involvering av interdepartemental arbeidsgruppe, interessegrupper og innbyggjarpanel (september 2007 – februar 2008)
  4. Rundebordskonferanse (ultimo oktober 2007)
  5. Framlegging av utkast for SSU for media (februar 2008)
  6. Overlevering til FAD (1. mars 2008)
  7. Ålmenn høyring (FAD)
  8. Handsaming i regjeringa, juni 2008
  9. Iverksetting, trykking, informasjon

FAD, 16. november 2007