Historisk arkiv

Offentleg elektronisk postjournal - OEP

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Frå 1. januar 2008 skal den nye offentlege elektroniske postjournalen vere på plass. Den nye tenesta skal vere ei internettbasert allmenn publiseringsteneste. Alle departementa og SMK blir med i den nye ordninga, i tillegg til at alle innholdsleverandørar til dagens EPJ blir inviterte til å vere med.

Den nye tenesta vil bli heimla i forskrifta til den nye offentlegloven, og vil bidra til å gjere forvaltninga meir open og demokratisk. Utviklinga av tenesta tek til no, og oppdraget har gått til Machina som er eit lite IT-firma i Bergen. Machina vann konkurransen om oppdraget i sterk konkurranse med andre meir etablerte IT-selskap. Publiseringstenesta Machina har valt baserer seg på mest mogleg bruk av open kjeldekode.

- At eit relativt lite IT-firma utanom dei etablerte miljøa vann konkurransen er veldig hyggeleg, seier statsråd og IT-minister Heidi Grande Røys. I tillegg er det òg svært bra at det er mogleg å få utvikla gode løysingar som er baserte på bruk av open kjeldekode - eit samsvar med dei politiske måla i regjeringas IKT-melding "Eit informasjonssamfunn for alle."
 
Ansvaret for å få på plass den nye OEP-tenesta er lagt til Fornyings- og administrasjonsdepartementet, som også har ansvaret for statens informasjonspolitikk.

Machina og FAD signerer kontrakt om utvikling av OEP

Daglig leder Helge Loy, Machina og spesialrådgiver Ole Willy Sandbekk i Fornyings- og administrasjonsdepartementet signerer kontrakten.