Historisk arkiv

Grande Røys åtvarar mot sosial dumping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyingsminister Heidi Grande Røys åtvara mot auka fare for sosial dumping under eit innlegg på ein innjøpskonferanse i Stavanger. Statsråden gav Oslo kommune ros for å heve ein kontrakt med eit renhaldsfima som hadde lønn langt under kravet.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys åtvara mot auka fare for sosial dumping under eit innlegg på ein innjøpskonferanse i Stavanger. Statsråden gav Oslo kommune ros for å heve ein kontrakt med eit renhaldsfima som hadde lønn langt under kravet.

- Enkelte har hevda at faren for sosial dumping er aukande når aktiviteten i blant anna byggsektoren aukar som følgjer av regjeringa sin tiltakspakke. Men òg i andre bransjar er dette ei utfordring. Seinast 22. april kunne vi lese i Aftenposten at Oslo kommune gjer jobben sin: Dei heva kontrakten med eit reinhaldsfirma som i kontroll viste seg å ha lønsutbetalingar godt under kravet om gjengs lønn. Det er bra, for vi som bur i eit av verdas rikaste land, kan ikkje sitje og sjå på at medmenneske arbeider under uverdige forhold rett framfor auga våre. Kva signal gir det til seriøse verksemder og ærlege arbeidarar dersom fellesskapet sine midlar går med til å dele inn arbeidarar i eit A-lag og eit B-lag?

Statsråden understreka også at regjeringa har gjort mykje for å kjempe mot sosial dumping:
- Regjeringa har stramma grepa overfor verksemder som utnyttar arbeidsinnvandrarar. I fjor kom ei ny forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Forskrifta krev at offentlege oppdragsgivarar tek ansvar og ser til at det er ordna arbeidsforhold hos verksemder dei har kontraktar med, sa Grande Røys.

Les heile innlegget til fornyingsministeren her.