Historisk arkiv

156 000 krav om innsyn i forvaltninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

156 860 krav om innsyn i journalposter blei fremja gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP) i 2011, mot 61 581 krav om innsyn i 2010. Det store skiljet frå i forfjor til i fjor har dels si forklaring i at tenesta Offentleg elektronisk postjournal fyrst blei lansert i mai i 2010.

156 860 krav om innsyn i journalposter blei fremja gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP) i 2011, mot 61 581 krav om innsyn i 2010.
Det store skiljet frå i forfjor til i fjor har dels si forklaring i at tenesta Offentleg elektronisk postjournal fyrst blei lansert i mai i 2010.

Innsyn gjev debatt
- Innsyn i forvaltninga er eit sentralt prinsipp i eit moderne folkestyre. Det er med på å sikre ein opplyst samfunnsdebatt. Den høge bruken syner at OEP er eit godt verkemiddel for å leggje til rette for denne retten til innsyn, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Nettstaden Oep.no blir særleg brukt av journalistar, men også av vanlege folk som ynskjer å sjå nærare på saksbehandlinga i forvaltninga. På www.oep.no finn du ei oversikt over inn- og utgåande brev, og også mange interne dokument i statlege verksemder. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har ansvaret for å drive OEP.

På toppen av lista finn vi Arbeidstilsynet, som fekk 11 649 krav om innsyn i 2011. Deretter fylgjer Justis- og politidepartementet og Utanriksdepartementet.

- OEP er eit godt døme på korleis forvaltninga kan bruke IKT som eit effektivt verkty for å gje innbyggjaren enklare og betre tilgang til informasjon og tenester dei har krav på, seier statsråd Aasrud

Tre millionar dokument
Med heimel i offentleglova kan dei som ynskjer det krevje innsyn i dokumenta dei er interesserte i. Dokumenta får dei så på e-post frå den ansvarlege verksemda. Ved årsskiftet bruker 94 verksemder OEP. I databasen ligg det informasjon om omlag tre millionar dokument.

I 2012 vil stadig nye verksemder ta del i OEP. Offentlegforskrifta slår fast kven som skal vere med i tenesta:

  • Alle departementa og Statsministerens kontor
  • Alle direktorat og tilsyn med heile landet som verkefelt
  • Fylkesmennene