Historisk arkiv

IKT som forvaltningspolitisk drivar for verdas beste offentlege sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

NOKIOS 2007 - Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor

- Erfaringar frå nettfenomen som Youtube, Facebook og Myspace må brukast når me skal organisera IKT-bruken i offentleg sektor, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under NOKIOS-konferansen i Trondheim.

- Erfaringar frå nettfenomen som Youtube, Facebook og Myspace må brukast når me skal organisera IKT-bruken i offentleg sektor, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under NOKIOS-konferansen i Trondheim.
   

Med atterhald om endringar under framføring Sjå lysark her (PDF)



Godtfolk!

Takk for invitasjonen, og gratulerer med spennande konferanse! Trondheim har alltid vore ein by som har utmerkt seg med å vere eit spennande knutepunkt for teknologisk innovasjon og praktisk løysingsutvikling. NTNU har i mange år hatt posisjonen som landet sitt leiande miljø på teknologiutvikling og teknologibruk. På dette området kan vi trygt seie at NTNU har gått føre. Derfor er det spesielt hyggjeleg å kunne få høvet til å halde eit innlegg her i dag.

For ei veke sidan presenterte eg regjeringa sin strategi for fornying av offentleg sektor. Eg kjem nærare inn på denne seinare. Gjennom fornying skal vi sørgje for auka velferd og betre tenester, og vi gjer det i stor grad ved å kople IKT og forvaltningsutvikling.

Denne koplinga er ganske ny og veldig spennande. Den er framtidsretta, og i den finn vi både store utfordringar, men òg moglege løysningar på utfordringane vi står føre. Når eg her i dag skal sei noko om korleis vi brukar denne koplinga i fornyingsarbeidet, vil eg ta utgangspunkt i nokre av dei viktigaste trekka i utviklinga av organiseringa og styringa av staten dei siste 20 åra. Dette fordi desse legg mykje av grunnlaget for kva som no er utfordringane og løysingane.

Endring av tilknytingsformer i staten
Når eg ser attende på utviklinga i forvaltninga dei siste 10-20 åra, synes eg å sjå fleire tydelege og interessante tendensar - og som dette biletet syner:

  • Det har blitt meir delegering, med vekt på mål- og resultatstyring. Budsjettsystemet overlet til den einskilde verksemd å avgjere korleis dei skal nytte IKT i si tenesteyting og myndigheitsutøving.
  • Det har blitt færre ordinære forvaltningsorgan: I 1990 var det i overkant av 170 ordinære forvaltningsorgan, medan vi ved inngangen til 2006 hadde under halvdelen (82). Reduksjonen kan til dels forklarast ved samanslåingar, men og i stor grad av nye organiseringsformer innanfor staten, som A/S  statlege føretak osb. . Dessutan har det blitt etablert fleire nye selskap.
  • Det har blitt meir konkurranseeksponering og marknadsorientering, mellom anna ved meir bruk av interne marknader og marknadsløysingar i forvaltninga, fritt brukarval og offentleg stykkprisfinansiering. I tillegg kjem selskapsetableringar av statlege verksemder, mellom anna på område som tele, kraft, post og jernbane.

Desse utviklingstrekka gir oss nokre utfordringar i dagens norsk forvaltning. Det er særleg to eg vil trekke fram:

  • Ein fragmentert stat og
  • Brukarorientering

Fleire av dei organisatoriske endringane som har skjedd dei siste åra, hatt som mål å reindyrke roller. Men  det har òg ført til ein meir fragmentert stat - som òg Maktutredninga har peika på. Utfordringane for Storting, regjering og departementa om å samordne ulike offentlige oppgåver og tiltak, når vi har fått selskap, stiftingar og andre sjølvstendige organisasjonsformer, er at vi har fått endra vilkåra for demokratisk styring ved at det ikkje lenger er ei ubroten styringsline mellom departement og underliggjande etat.

Det slår meg òg at det kanskje er på IKT-området vi tydelegast ser resultata av den fragmenterte staten, og det nettopp difor vi som har ansvaret for både IKT og forvaltning ser trongen for nytenking og samordning på IKT-området. IKT blir dermed ein drivar for forvaltningspolitikken.

Fornying av offentleg sektor
Den andre utfordringa er å gjere det enklare for brukarane å finne fram i ”det Offentlege med stor ”O”. Media trekkjer ofte fram døme på brukarar som må gå til fleire offentlege kontor for å få løyst noko som for dei er ein og same sak. Det er uklar kven som har ansvar og ofte er ansvaret i mange tilfelle delt både mellom ulike offentlege einingar og på tvers av forvaltningsnivåa.

Løysinga er ikkje vaksenopplæring for det norske folk om korleis offentleg forvaltning er organisert - dette må vi i det offentlege løyse sjølv!

Vi må få til eit betre samspel mellom stat og kommune der brukaren var i sentrum. Tiltak som NAV-reforma og auka fokus på etablering av offentlege servicekontor er etter mi meining skritt i rett retning for å gjere det enklare å få kontakt med offentleg sektor. Slike reformer og tiltak gjer at skilje mellom etatar og forvaltningsnivå ikkje blir til eit problem for dei som møter oss.

Fornyingsarbeidet dei kommande åra kjem i stor grad til å handle om å skape ein brukarvennleg og døgnopen elektronisk forvaltning. Difor har fornyingsstrategien i seg ei rekke nye elektroniske tenester.

Nokre døme er: søknad for fri rettshjelp, det blir arbeidd med å kunne melde enkle forhold til politiet elektronisk og ein startar pilotprosjekt på visumsøknad elektronisk. Vi får e-reseptar og pålegg om at allmennlegar og spesialistar skal bruke elektronisk kommunikasjon ved legeerklæringar, sjukemeldingar og legerekningar. Dette er ei opplisting, ikkje fullstendig, som viser at fokus på elektroniske tenester og sakshandsaming er framtida i høve til å spare tid og ressursar. I tillegg skal alle relevante tenester som har innbyggjarane som målgruppe, vere tilgjengelege på MiSide. 

I fornyingsstrategien peikar vi mellom anna på ein sterk offentleg sektor ikkje berre er bra for innbyggjarane. Den nordiske modellen er òg ein konkurransefordel for næringslivet. Dei nordiske landa skårar høgt både når det gjeld velferd, når ein prøver å rangere land etter kven som er mest konkurransekraftige, kven som har størst omstillingsevne, kven som har størst evne til innovasjon. Dei nordiske landa skårar altså høgt både på det å fordele og det å skape, høgt på velferd og på produktivitet. Dette må vi vidareutvikle, ikkje lene oss tilbake og vere nøgde med.

Brukarvennleg og døgnopen forvaltning
Innbyggjarane sine ynskjer og behov sto sentralt då vi arrangerte innbyggjarkonferanse 20. mars i år. Rundt 100 innbyggjarar i ulike fasar av livet, frå alle kantar av landet deltok. Ein av tinga som vart drøfta på konferansen var korleis dei ville skildre verdas beste offentlege sektor. Innbyggjarane var ikkje i tvil; den er primært kjenneteikna av offentlege sjølvbeteningsløysningar.

Korleis skal vi så utforme desse løysningane? Dette handlar i høgste grad om IKT og forvaltningspolitikk. IKT og forvaltningsutviklinga som går hand i hand.

Nye nettfenomen 
Vi er i dag vitne til ei ny bølgje av innbyggjardeltaking på Internett.
 
You-Tube har 100 millionar nedlastingar kvar dag. MySpace har 350 000 nye medlemer kvar dag. Wikipedia inneheld over 3 millionar artiklar som er produsert av innbyggarar over heile verda, på meir enn 100 språk. Ein ny blogg blir etablert på Internett kvart sekund. Vi har FACEBOOK og Second Life. Sist eg sjekka var det mellom anna 275 ulike grupper på Facebook med ein eller anna tilknytning til NTNU. Den største av desse gruppene hadde over 5900 medlemmer. Eg veit ikkje kva det neste som kjem. Men ein ting er sikkert, nye fenomen vil komme. 

Det er openbert at offentleg sektor kan lære noko av desse fenomena, og vi bør ta dei i bruk i forvaltninga. Kan nokon av desse fenomena vere arenaer kor offentleg sektor engasjerar innbyggjarane i dialog om korleis nye tenester bør utformast? Kan dei vere arenaer der innbyggjarane utformer tenesta? Eg skal ikkje trekke nokon konklusjonar på dette tidspunkt, men det er naudsynt at offentlege verksemder er merksame på korleis våre innbyggarane nyttar nettet. Dette formar nemleg deira forventningar til offentleg tenesteutvikling.

Regjeringa sin ambisjon for bruk av IKT i offentleg sektor er at sektoren skal stå rusta til å møte dagens og framtidas forventningar. Vi må følgje med. Vi må forstå kva som skjer. Folk brukar ikkje Internett kun til informasjonssøk. Nye nettfenomen representerer ei ny form for deltaking på Internett. - Offentlege styresmakter har noko å lære av nye nettfenom som YouTube, MySpace, Facebook og Wikipedia.
Difor har vi sett 500 000 inneverande år til å følgje dei nye fenomena. Oppdraget er gått til UiO, Institutt for medier og kommunikasjon, saman med ITU, og dei skal gi oss rapporten i mars neste år. Dette er viktige innspell i fornyingsarbeidet!

Heilskapleg offentleg sektor
Dei store utfordringane i åra som kjem, blir å trekkje ein fragmentert offentleg sektor i ei felles retning slik at den for brukarar står fram som meir heilskapleg, samordna og effektiv.

Regjeringa vil difor stille klare krav til at alle verksemdene i langt større grad må samarbeide om å etablere fleire og betre døgnopne elektroniske tenester. Dette kan nok utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor, men det er naudsynt!

Statistisk sentralbyrå har undersøkt korleis IKT vert nytta for å tilby elektroniske tenester i kommunar og statlege verksemder.  Figuren illustrerar at det er høgare terskel, dess meir avanserte tenester verksemdene utviklar. I dag har bare knapt 5 prosent av offentlig sektor avanserte tenester på nett – tenester på trinn 4. Vårt mål må vere å få lang fleire slike tenester 4.

For at vi skal nå dette målet er det viktige at det frå sentralt hald blir etablert overordna nasjonale rammer for  IKT-løysingar med auka fokus på samarbeid på tvers.  Tre område er særleg viktige:

  • Standardisering
  • Arkitektur
  • Felleskomponentar

Meir samordning og samspel
Som eg var inne på; Brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullstendige digitale tenester.

Ligg det til rette for samordning og heilskap?
Tja, med sterk vektlegging av linjeansvaret i offentleg sektor, kombinert med ei sjølvstyrt kommunal sektor, er elektroniske tenester lite samordna i dag.

Vi har 431 kommunar og 341 statlege etatar med eit sjølvstendig avgjerdsansvar for IT.  I tillegg finnast det i kvar kommune 80-100 forskjellige fagsystem. Løysingar som ofte blir ”lokalt” utvikla, og utan at det blir stilt nokon felles krav. Dette er ein naturleg konsekvens av dei utviklingstrekka eg nemnde tidlegare for offentleg sektor.

For å få til meir elektronisk samhandling må vi ha  standardisering. For å oppnå målet om ein effektiv og brukarretta offentleg sektor, må IKT-systema samspele betre. Eit viktig virkemiddel for å få til betre samspel er bruk av opne standardar, slik at vi kan utveksle data og informasjon mellom ulike system uavhengig av programvareleverandør. Opne standardar hindrar innlåsing til einskilde leverandørar av IKT-system, og sikrar soleis ein meir open konkurranse.

Departementet oppretta i 2006 eit IKT-standardiseringsråd for offentleg sektor, der òg KS og eit par kommunar deltar. Rådet skal gi anbefalingar om obligatoriske og tilrådde standardar i offentleg sektor. Departementet er no i ferd med oppsummere høyringa og skal fremje forslag til ein referansekatalog (første versjon) over forvaltningsstandardar som offentlege skal eller bør basere seg på.

Dette biletet trur eg dessverre kan illustrere korleis vi i det offentlege jobbar i altfor stor grad. Vi må difor sørgje for at vi jobbar mindre og mindre kvar for oss på vår eiga øy. Vi må jobbe saman, vi må samarbeide, vi må samordne oss.


Overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor
I den desentraliserte IKT-utviklinga vi har hatt, har det i for lang tid vore overlate til den einskilde å ta viktige teknologiske vegval som kan ha store konsekvensar for andre. Skal vi låne eit døme frå plan- og byggjeprosessane i Noreg, har vi på IKT-området overlate til den einskilde verksemda både å vere både byggherre, arealplanleggar og godkjennande styresmakt!

Det er på høg tid å etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor som skal setje rammevilkåra for IKT-utviklinga i det offentlege. Ein slik overordna arkitektur vil skape ei meir koordinert utvikling av offentleg IKT-infrastruktur og offentlege tenester, samt skape tydelege grenseflatar og ansvarstilhøve for IKT –og tenesteutviklinga. Foilen her er eit døme på korleis dette kan sjå ut. Avanserte elektroniske tenester krev at alle offentlege verksemder legg det same arkitekturmålbiletet til grunn for IKT-utviklinga si.

Samhandling
Likevel er det ikkje tilstrekkeleg med eit felles arkitektur-målbilete. Eit målbilete har ikkje noko verdi seg sjølv med mindre den blir fylt med konkret innhald som synleggjer korleis samhandling bør skje. Skal vi kunne samle oss om å tilby avanserte tenester som omfattar fleire etatar og forvaltningsnivå, er det viktig at offentlege verksemder tek utgangspunkt i og samarbeider om felles informasjonsprosessar. Ei effektiv elektronisk tenesteyting stopper i mange tilfelle ikkje ved verksemdsgrensa, men held fram frå ei offentlig eining til ei anna.

Dette må offentlege verksemder må i større grad ta inn over seg.

Dette dømet viser dei (alt for mange) stega det er naudsynt å gå gjennom for å bli registrert som lovleg arbeidstakar i Noreg. Dersom ikkje vi maktar å få til ein betre prosess på tvers av organisatoriske grenser, veit dei fleste kva alternativet for folk som ynskjer arbeid i Noreg vil vere. Nokon av dykk trur kanskje dette er eit bilete vi har laga for moro skyld og for å skapa forvirring og latter. Men dette er røynda, inntil vidare. Det blir jobba med å endre det, heldigvis for sånn kan vi ikkje ha det!

Poenget er at dette er ei utfordring som offentlege verksemder må vere medvitne på og hjelpe til å motverke, gjennom samarbeid om elektroniske tenesteyting.

Eit anna område vi arbeider med for å få til større grad av samhandling og samordning, er knytt til felleskomponentar på IKT-området. Effektiv, elektronisk samhandling i offentleg sektor må føre til at ein i større grad samlar seg om fellesløysingar. Tal frå SSB viser at 40 % av norske kommunar oppgir mangel på felles, offentlege IKT-løysingar som ei hovudutfordring i realiseringa av elektronisk forvaltning.

FAD har nedsett ei arbeidsgruppe for å følgje opp behovet for ein overordna IKT-arkitektur og felleskomponentar. Gruppa er samansett av IKT-leiarar frå offentlege verksemder og blir leia av IKT-direktøren i NAV, Gunnar Horn. Gruppa skal i tillegg til å foreslå arkitekturprinsipp og felleskomponentar sjå på arbeidsprosessar i offentleg sektor og komme med forslag til eit forvaltningsregime for ein overordna IKT-arkitektur. Dei skal levere forslaget sitt til FAD i byrjinga av 2008. Eg oppfordrar alle verksemder som er her om å setje seg nøye inn i deira rapport når den kjem på høyring, og gi oss tilbakemeldingar.

Direktorat for forvaltning og IKT
I forslaget til Revidert nasjonalbudsjett i mai i år, varsla Regjeringa at vi ville etablere Direktoratet for forvaltning og IKT frå nyttår av. Dette direktoratet skal hjelpe departementa med operative oppgåver, analyser, rådgjeving og utgreiing. Det skal særleg sikre at statens arbeid blir meir heilskapleg og samordna enn i dag innan fornying og IKT. På IKT-området vil direktoratet få ei sentral rolle i å gjennomføre ei framtidsretta og kostnadseffektiv IKT-politikk i staten.

Det nye direktoratet skal vere ein pådrivar for utviklinga av e-forvaltning og elektroniske tenester, spesielt bruk av felles IT-løysingar, arkitekturprinsipp og forvaltningsstandardar, og for elektroniske verktøy og elektroniske forretningsprosessar i offentlege innkjøp.

Etableringa av direktoratet, og namnet, syner igjen at IKT og forvaltningsutvikling går hand i hand.

Openheit og deling
Samspel og openheit kan høyrest travelt ut, det er lettare å halde på for seg sjølv på sitt kontor. Men samspel og openheit kan føre til mykje godt: I boka Wikinomics gjev forfattaren Don Tapscott eit døme på fordelar med deling og openheit.
Goldcorp, var eit gullgruveselskap som brukte 10 millionar dollar på nye prosjekt for å finne meir gull. Investeringa gav ein rekkje interessante data og resultat, men ikkje noko meir gull. Så gjorde dei noko som var veldig uventa, dei publiserte heile databasen på Internett saman med lovnad om ein vinst på ein halv million dollar til dei som kunne peike på kor selskapet kunne finne meir gull. Forslag frå heile verda og frå høgst ulike grupper strøyma inn til selskapet.  Resultata av denne handlinga var fantastisk. Meir enn 80% av dei innsendte forslaga resulterte i nye funn av gull.
Skal vi lukkast i arbeidet med å skape betre tenester for innbyggjarane, må offentleg sektor tore å lære noko av desse nye nettfenomena og ikkje minst av ungane og ungdommane våre som jo har tatt dette i bruk for lenge sidan. For første gong i historia er ungar og ungdom autoritetar på noko som er noko viktig: den digitale revolusjon: Vi må, som dei,  tenkje meir openheit, deling og samarbeid !

Kvar for oss finn nok heller ikkje vi gull, men felles IKT-arkitektur, felleskomponentar og forvaltningsstandardar som byggjer på opne standardar,  er etter mi oppfatning dei riktige virkemidla vi som sentrale styresmakter må få på plass, for å sikre at stat og kommunar når målet; Ein brukarretta og døgnopen elektronisk forvaltning!
 
Takk for merksemda.