Historisk arkiv

Programvare med fridom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Prinsippet om fri programvare er verdt å stå opp for. Det handlar om openheit, samarbeid og deling av kunnskap, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Aftenposten.

Prinsippet om fri programvare er verdt å stå opp for. Det handlar om openheit, samarbeid og deling av kunnskap. Fri programvare betyr at du har stor fridom til å behandle programvara som du sjølv vil. Du kan fritt lage og dele kopiar av programvara, du kan endre eller betre programvara, og du kan dele desse med alle andre om du vil.

Regjeringa ynskjer at offentlege verksemder i større grad skal ta i bruk løysingar baserte på fri programvare. Fyrst og fremst fordi bruk av fri programvare kan gjere det mogleg å få til gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. Denne typen delingskultur vil kunne gi gevinstar, spesielt i kommunal sektor ettersom alle dei 431 kommunane i hovudsak skal tilby dei same tenestene til innbyggjarane sine.

Mangel på kompetanse er den største hindringa for at offentlege verksemder skal ta i bruk fri programvare. Difor var opninga Nasjonalt senter for fri programvare 15. august i år ein merkedag for Regjeringa. Senteret vert lokalisert i Drammen og Tromsø og skal medverke til auka kompetanse om fri programvare, og at fleire utviklar og tek den i bruk. Ei av utfordringane til senteret vert å synleggjere at det er eit reelt val mellom fri og produsenteigd programvare.

Auka offentleg satsing på fri programvare vil kunne stimulere norsk IKT-næring. Fleire norske føretak baserer verksemda si på fri programvare, til dømes Trolltech, Skolelinux og eZ Publish. Eg trur det no blir fleire. Dette vil styrkje konkurransen innan delar av programvaremarknaden.

Regjeringa si satsing på fri programvare er meir enn etableringa av kompetansesenteret. I statsbudsjettet for i år vart det løyvd 10 millionar kroner til arbeidet med fri programvare og opne standardar. Vi vil no vurdere å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare i offentleg sektor. Vi vil òg vurdere å styrkje opplæring og undervisning i fri programvare i den vidaregåande opplæringa, på høgskular og universitet.