Historisk arkiv

Universell utforming – politiske mål og utfordringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på ressursnettverket Universell IKT sitt seminar om sentrale FoU-utfordringer innen universell utforming og IKT.

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på ressursnettverket Universell IKT sitt seminar om sentrale FoU-utfordringer innen universell utforming og IKT.

Med atterhald om endringar under framføring. Sjå lyssark her (PDF)

  

Eg vil aller fyrst få lov å takke ressursnettverket Universell IKT for at eg fekk høve til å komme hit i dag.

Regjeringa har sett mangfald og inkludering høgt på den politiske dagsorden. Eg vil i dag dele ein del av våre tankar på dette området, og kva grep vi vil setje ut i livet for å nå desse visjonane.

Informasjonssamfunnet skal vere inkluderande og omfatte alle. Dette er ikkje berre ei hjartesak for regjeringa, men det er òg tvingande naudsynt. IKT kan skape forskjellar og det kan utjamne forskjellar, og det er difor heilt naudsynt med gjennomtenkte politiske val.

Universell utforming og digital inkludering er etter mi meining heilt sentrale faktorar å ha med når ein skal lage eit informasjonssamfunn for alle. Då må vi sjekke ut:

- Er alle innbyggjarane med?
- Kva kan skje når ikkje alle er med?
- Kva kan gjerast? Og av kven?

Desse spørsmåla er heilt sentrale for vår politikk.

Eit informasjonssamfunn for alle
Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medverknad.

Vi har i Soria Moria-erklæringa lagt opp til auka satsing på ny universelt utforma teknologi og ein forpliktande tidsplan for tilgjengelegheit. Dette følgjer vi no opp, og er i gang med å utforme ei lov om universell utforming av all IKT som rettar seg mot allmenta.

Tilgjengelegheit er den overordna målsetjinga og universell utforming er eit hovudverkemiddel for å oppnå dette. Gjennom auka satsing på universell utforming ønskjer Regjeringa å arbeide for at hovudløysningane i samfunnet skal vere tilgjengelege og brukande for flest mogleg.

Offentleg sektor har her eit klart ansvar for å sørgje for at dei ulike IKT- og nettbaserte tenestene ikkje fører til nye barrierar for innbyggjarane våre, heller ikkje for dei med særskilte behov.

Stoda for universell utforming av IKT i Noreg
Dei negative følgjene av ikkje å nyttiggjere seg teknologien er aukande. Utforming av IKT slik at den kan brukast av flest mogeleg, har mykje å seie for å sikre deltakinga i samfunnet.

Både når det gjeld arbeidsliv, deltaking i politiske prosessar, bruk av offentlege tenester og omsetnad av varer og tenester i marknaden står det no meir og meir på om den einskilde meistrar å nyttiggjere seg IKT.

Noreg ligg høgt på alle internasjonale rankingar når det gjeld tilgang til og bruk av IKT. Noreg, saman med dei andre nordiske landa, har òg ei jamnare fordeling av IKT-bruk blant innbyggjarane enn dei fleste andre land. Det finst ingen generelle undersøkingar om tilkomst til IKT for personar med nedsett funksjonsevne i Noreg. Ei undersøking frå 2005 blant medlemmene av fire organisasjonar for funksjonshemma tyder på at tilsette med funksjonshemming har om lag same tilgang til PC og Internett som andre tilsette. Tilkomst til IKT og graden av bruk varierer derimot mykje med type funksjonshemming. Spesielt personar med synshemming hadde lågare tilkomst til PCar og Internett enn andre funksjonshemma.

Mange eldre og funksjonshemma har i dag problem med å dra nytte av automatiserte løysingar og elektroniske tenester fordi det ikkje vert stilt klåre krav om universell utforming. Det finst til dømes minibankar med pluggar for øyretelefonar som blinde kan kople seg til, men det er sett lok over denne tilkoplinga, truleg fordi det ikkje er stilt krav om det.

Standardiserte krav til sjølvbeteningsløysingar vert til dømes etterlyst av mange. Slike løysingar finst tilgjengelege i marknaden som vanleg hyllevare.

I dag ligg det føre svært få konkrete retningsliner, funksjonelle krav og standardar på området. Slik skal det ikkje halde fram! Dette er ikkje forsvarleg, særleg når det allereie finst god og rimeleg teknologi både for automatar og webstader. Her må det gjerast ein innsats framover, og dette er vi i ferd med å lovfeste.

Kva gjer så regjeringa for å rette opp i denne situasjonen?

Regjeringa følgjer opp lovforslaget frå Syseutvalet i NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet.

I byrjinga av juli føreslo Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet at det skal stillast krav om universell utforming av all ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) retta mot allmenta. Regjeringa har føreslått at for alle nye løysingar skal kravet gjelde frå 1. januar 2011. For eksisterande IKT, meiner regjeringa at kravet skal gjelde for den første nye versjonen etter denne fristen. Dette skal sjølvsagt også gjelde alle offentlege elektroniske tenester. Dei skal ha universell utforming dersom ikkje spesielle forhold gjer det umogeleg.

Under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet er no fleire relevante kompetansemiljø i gang med å utvikle rettleiingar og detaljering av funksjonelle krav, retningslinjer og standardar for universell utforming av IKT.

Mens vi ventar på lova: Bruk av WAI-kriteria
Mens vi ventar på ei ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov, vil alle offentlege verksemder - ved all nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av offentlege nettstader - verte oppfordra til å følje WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader. Ved tildeling av offentleg støtte til andre nettstader vil regjeringa òg oppmode om at det bør stillast krav om at dei føljer WAI-kriteria.

Etatar som ligg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, vert pålagde å nytte WAI-kriteria slik dei kjem fram på Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader.

Arbeidet med kvalitetsvurdering av nettstader skal trappast opp!

Gjennom Noreg.no sine kvalitetsvurderingar har ein til ein viss grad lykkast med å få merksemd rundt kor tilgjengelege offentlege nettstader er, mellom anna ved tildeling av «stjerner» etter kor gode resultata er. Dei årlege kvalitetsvurderingane er eit ledd i arbeidet med å betre kvaliteten på offentlege nettstader. Nettstadene vert vurderte opp imot indikatorar fordelte på områda tilkomst, brukartilpassing og nyttig innhald. Føremålet med ordninga er mellom anna å rette merksemda mot dei som lagar gode løysingar.

Noreg.no sine vurderingskriterium gjeld ikkje for interne nett, som til dømes intranett på arbeidsplassane og læringsplattformer i grunnopplæringa og høgskule/universitet. Heller ikkje private aktørar er underlagde krav til utforming av nettstader etter slike kvalitetskrav. Dette er eit tankekors sidan dei mest brukte nettenestene i landet er frå private leverandørar av nettaviser, nettbankar og bestillingssystem. Regjeringa ser det som ei utfordring å få òg private aktørar til å sjå nytta av å forme ut sine løysingar med tanke på at dei skal vere tilgjengelege for alle. Ei løysing som kan avhjelpe dette er at det offentlege tek på seg eit ansvar for å gjennomgå eit større tal nettstader enn det ein har gjort til no. Til dette føremålet kan det utviklast ei merkeordning som seier noko om kor tilgjengeleg den aktuelle nettstaden er.

Eg har bedt Noreg.no om å sjå nærare på korleis ein kan gjere ei vurdering av nokre sentrale, private nettstader med stor nytteverdi.

Offentleg politikk, IKT og universell utforming
Som tidlegare nemnt er det regjeringa sitt mål at all teknologisk utvikling med IKT i offentleg sektor skal byggje på universelt utforma løysingar. Vidare har vi oppmoda verksemdene i privat sektor til å gjere det same.

Universell utforming generelt og universell utforming og IKT spesielt er eit nokså nytt fagområde. Det er difor ein trong for å samarbeide om eit definert fagleg innhald innan IKT og universell utforming. I dag er det få fagmiljø med nok kompetanse, og den kompetansen som finst er spreidd.

Eg er glad for at aktuelle fagmiljø no har teke eit initiativ for å få etablert eit ressursnettverk på dette fagområdet. Resursnettverket ”Universell utforming og IKT” kan gjennom kompetanseutveksling og samarbeid medverke til innovative FOU-prosjekt, produkt og tenester. Det gjeld å få peika ut kva som er dei mest sentrale, nasjonale FoU-utfordringane på fagområdet, og vere med på å leggje grunnlaget for at dei norske miljøa kan spele ei aktiv rolle internasjonalt.

FoU-verksemda innan dei digitale utfordringane knytte til deltaking og funksjonshemming i informasjonssamfunnet må vere brei!

Vi treng òg meir kunnskap om kva regulerings- og omfordelingspolitiske verkemiddel som verkar best og som er mest føremålstenlege for å nå målet om eit informasjonssamfunn for alle. Eg trur vi kan hente mykje lærdom av dei erfaringane andre land har gjort seg .Det er difor naudsynt at den norske FoU-aktiviteten har eit internasjonalt perspektiv.

Auka tilkomst til produkt og tenester
Noregs forskingsråd har sidan 1998 hatt ansvaret for satsinga IT Funk (IT for funksjonshemma) på oppdrag frå regjeringa Evalueringa i 2005 fann at IT Funk hadde stor nytteverdi for brukarar med nedsett funksjonsevne når det gjaldt å fremje tilkomst til IKT og deltaking i samfunnet.
I statsbudsjettet for 2007 kunngjorde då òg regjeringa at IT Funk skulle vidareførast for seks år

For den nye IT Funk-satsinga vert det for seksårsperioden stilt til rådvelde ei totalramme på minst 32 millionar kroner frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og minst 6 millionar kroner frå Nærings- og handelsdepartementet. I tillegg kjem eigeninnsatsen til private verksemder og andre deltakarar, normalt 50% av dei samla kostnadene for prosjekta.

I tråd med sektoransvarsprinsippet, vil òg andre departement verte inviterte til å medverke i IT Funk som ledd i regjeringa sin samla politikk for personar med nedsett funksjonsevne, slik denne er formulert i mellom anna Soria Moria-erklæringa.

Utfordringar
Vi har eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld å ta i bruk IKT-baserte løysingar i alle typar offentlege tenester og informasjon. Nye løysingar skal i størst mogeleg grad byggje på fri programvare. Her ligg det store oppgåver knytte til tilgjenge som må løysast for at målet om samfunnsmessig likestilling skal verte realisert.

Den raskt aukande bruken av sjølvbetening og automatiserte IKT-løysingar gir mange utfordringar for tilgang til tenester både i offentleg og privat sektor. Slike system er i ferd med å bli hovudkanalar for informasjon, kontakt og transaksjonar i alle samanhengar – frå søknader om barnehageplass og skattekort, til informasjon og kjøp av varer og tenester (spesielt reiser og billettar) og betaling for disse. Omsynet til tryggleik og identifikasjon er viktig i slike system, i dag vert det ofte valt løysningar som ekskluderer mange brukarar.

Dersom alle skal kunne bruke og dra nytte av IKT-baserte tenester, krev det eit monaleg kunnskapsløft og stor innsats for å få fram innovative løysingar, m.a. knytte til utforming av dialogar og skjemaløysingar som kan nyttast av alle. Brukarar som har problem med å oppfatte og forstå ord og uttrykk må få auka merksemd i denne samanhengen.

Lova om offentlege innkjøp stiller krav om at offentlege innkjøparar skal ta omsyn til universell utforming under planlegginga av innkjøp. Det kan vere ei utfordring for innkjøparar å ha oversikt over kva dette kravet inneber i praksis, særleg fordi dei ofte gjennomfører innkjøp på ei rekke ulike områder. Innkjøpa kan omfatta IKT-utstyr ein dag, og kjøp av transporttenester neste dag. Deltasenteret i Helse- og sosialdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing i korleis krava kan følgjast opp i dei ulike fasane i innkjøpet. Rettleiinga omtalar særskilte område som til dømes IKT , bygg og anlegg. Det er ikkje sikkert at innkjøparane er kjend med kva som finst av rettleiingsmateriell på dette området, og ein viktig utfordring framover er å aktivt informere om lova sine krav og det rettleiingsmateriellet som finst for å gjennomføre universell utforming i praksis.

Regjeringa ser det som ei utfordring å gjere programvare for talesyntese tilgjengeleg, og då helst med fri tilgang for dei som ynskjer det. Programvaren må distribuerast via fleire kanalar, og ved bruk av Internett til distribusjon må taleprogrammet kunne lagrast lokalt på datamaskina. Dette vil no verte delvis realisert. Eg vil tru at Erik Siolberg frå Microsoft Noreg var innom dette i sitt innlegg før i dag. Dei har på oppmoding frå oss teke på seg å vidareutvikle og gjere tilgjengeleg på Windows programvare for norsk og nynorsk talesyntese. Det gjer det altså mogleg å laste ned kostnadsfritt talesynteseprogramvara Talsmann til bruk i Microsofts Windows.

Dette gjer Noreg til eit av dei første landa i verda med eit fritt tilgjengeleg talesynteseprogram. Samtidig er det klart at dette ikkje er ei løysing som dekkjer alle tekniske plattformer. Regjeringa vil oppmode leverandørar og utviklingsmiljø til å få fram fritt tilgjengelege og gode løysingar for andre plattformer enn Windows.

Alle skal vere med!
All IKT retta mot allmenta skal utformast universelt!

I dette arbeidet vil vi møte nye problemstillingar og hindringar. Eg trur ikkje at IKT er løysinga på alt, men det er heller ikkje årsaka til alle problem. I mange tilfelle trur eg det ofte står meir på det menneskelege enn det tekniske når det gjeld å komme fram til gode tekniske løysingar som alle kan gjere seg nytte av.

Det handlar til sjuande og sist om menneskelege val. Om prioriteringar. Regjeringa ynskjer eit inkluderande informasjonssamfunn. Eg trur at ved hjelp av gode tekniske løysingar, ikkje minst på IKT-området, vil alle innbyggjarane i landet kunne få dei same moglegheitene.