Historisk arkiv

Det nye IKT samfunnet og framtidas IKT-politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Vi treng ein IKT-politikk for å skape eit inkluderande samfunn, for å skape gode fellesskapsløysingar og utvikle velferda, sa politisk rådgiver Jørund Leknes på Fafo og Econ sitt seminar om det norske IKT-samfunnet 3. mars 2009.

Vi treng ein IKT-politikk for å skape eit inkluderande samfunn, for å skape gode fellesskapsløysingar og utvikle velferda, sa politisk rådgiver Jørund Leknes på Fafo og Econ sitt seminar om det norske IKT-samfunnet 3. mars 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.  

Introduksjon – eit historisk blikk inn i framtida
Det er omlag 13 år sidan det norske folk vart introdusert for internettet, nærare bestemt i 1995. Det skjedde på lufta i det populære TV-underhaldningsprogrammet Rondo på NRK (Nokon som hugsar det?). Stuntreporter Synnøve Svabø vart kanskje mest kjend for eit bilete med Torbjørn Jagland, men ho hadde òg faste innslag i programma, der ho sat framfor dataskjermen og klikka seg rundt på noko fascinerande nytt som heitte Internett. Det kvite hus si heimeside i USA var ein av dei første populære nettstadene der ein kunne gå rundt frå rom til rom. Dette var same året som Microsoft lanserte Windows 95 framfor 10 000 skodelystne frå Oslo Spektrum. Då hadde 5 prosent av befolkninga tilgang til Internett. I dag er situasjonen annleis. Internett har vorte ein sjølvsagt del av dei fleste sin kvardag. Det har vorte like sjølvsagt og nødvendig i det moderne samfunnet som elektrisiteten utvikla seg til å bli, i alle fall i den vestlege verda. Det er framleis nokon av dei eldste som aldri har sendt ein e-post, men til gjengjeld er det mange av dei unge som aldri har sendt eit vanleg brev.

Sjølv om det ofte er lettare å vere etterpåklok er det alltid spanande å tenkje om framtida. Allereie på 1990-talet skjønte mange at Internett kom til å føre til grunnleggjande endringar i samfunnet, men dot.com-krasjet i 2000 viste òg at få skjønte korleis. Det er sagt at i politikken er ei veke ei æve, men fire år for kort. Difor er det frigjerande å kunne vere med og tenkje 16 år fram i tid.

Det kan sjå ut som om vi menneske alltid har vore engasjerte i framtida, og kanskje med rette bekymra oss litt for den. Teknologien har alltid spela ei viktig rolle. Dei fleste av oss har høyrt om eller lese George Orwells nokså dystre framtidsperspektiv i romanen 1984. Der er overvakingssamfunnet eit faktum – noko som fleire i dag vil seie til ein viss grad òg har slått til…

Filmen og boka ”2001: en romodyssé” av Stanley Kubrick, handlar òg om ei framtid, og kan knappast kallast ein feelgood-film. Filmen startar millionar av år tilbake i tid, for så å gå fram i tid til 1999 og 2001. Somme av dykk hugsar kanskje den snakkande datamaskinen HAL 9000, som har kontroll over det meste, viser det seg. Det ser lenge mørkt ut for menneskja her òg, men det går bra til slutt: menneska vinn over maskinen.   

For når vi snakkar om teknologi, så set vi ofte teknologien på éi side og menneskja eller samfunnet på den andre sida. Utviklinga vert ofte omtala i dramatiske vendingar, der det anten er snakk om å ”kaste seg på toget” eller ”verte ståande att” på perrongen, eller i verste fall ”verte overkøyrd”. Eg trur det handlar om å velje strategi ut i frå kvar einskild situasjon. I visse høve er det kanskje naudsynt å hoppe på toget, kanskje i fart. I andre høve er det kanskje riktig å la toget passere og vente på neste tog. Ein skal sjeldan la seg overkøyre - og då er kanskje den beste strategien å ha god oversikt over trafikken, der kunnskap speler ei viktig rolle. Ein ting som er spesielt med teknologi og IKT er at den gjennomsyrer samfunnet på dei fleste område. IKT er over alt i samfunnet, og IKT påverkar samfunnsutviklinga og alt vi har rundt oss. Samstundes er IKT eit verktøy som kan nyttast for å nå konkrete mål. Teknologien er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er korleis vi legg til rette for å utnytte dei moglegheitene den gir som er viktig.

Når IKT er politikk
Vi treng ein slagkraftig og offensiv IKT-politikk.
Vi treng ein IKT-politikk for å skape eit inkluderande samfunn. Denne regjeringa ynskjer at alle skal kunne ta del i kunnskapssamfunnet på like og trygge vilkår. Styresmaktene må leggje til rette for auka og betre bruk av IKT i samfunnet. Dette gjer vi fyrst og fremst gjennom å leggje til rette for ein sikker elektronisk landsdekkjande infrastruktur av høg kvalitet. Og vi må syte for at alle har kunnskap og føresetnader for å kunne ta teknologien i bruk på ein god måte. Eit døme på dette er regjeringa sitt krav om at all ny IKT retta mot allmenta skal vere universelt uforma innan 2011. Dette inneber for eksempel at minibankar må vere tilpassa svaksynte. Dette kan gjerast gjennom å ha uttak for hovudtelefonar. Dette vil ha mykje å seie for mange, og det er både IKT-politikk og politikk mot diskriminering.

Vi treng ein IKT-politikk for å skape gode fellesskapsløysingar og utvikle velferda. Eg brenn for ein offentleg sektor som er enkel å halde seg til og som leverer nyskapande og gode tenester for deg og meg. Elektronisk kommunikasjon vil verte den viktigaste kanalen mellom innbyggjarar og det offentlege. Dette krev samordning. Dette krev styring. Dette krev fornying – altså politikk! Offentleg sektor har lenge gått føre med å nytte IKT-en si omformande kraft til å gjere kvardagen enklare for innbyggjarar og verksemder. Dagens studentar kan søkje om lån, signere gjeldsbrev og få pengane på konto i løpet av nokre dagar, same kvar i verda dei oppheld seg, anten dei studerer i Australia eller USA, eller i Oslo.

Det er IKT og Internett som har gjort dette mogleg. Men også nokre politiske val –  som satsinga på e-forvaltning, satsinga på eID, styring og organisering av store IKT-prosjekt, komponent- og arkitekturtenkinga. Døma er mange, og fleire skal det verte. IKT-politikken skal syte for at vi òg i framtida kan bruke IKT på ein måte som forenklar kvardagen for folk og verksemder.

Vi treng ein IKT-politikk for innovasjon og verdiskaping. Det vert sagt at krisetider er gode tider for innovasjon. Vi treng innovasjon for å få økonomien på fote og sikre framtidig verdiskaping. Tenestenæringar vil vere sentrale i framtidas økonomi. Tenestenæringane vert drivne av IKT, saman med hovuda til dei som jobbar der. For å leggje til rette for innovasjon må vi politikarar ta nokre bevisste val – når det gjeld IKT-kompetanse, IKT-forsking, tilgjengelege infrastrukturar og rammevilkår som verksemdene opererer under. Dette er IKT-politikken i praksis, i inngrep med forskingspolitikken, næringspolitikken og skatte- og avgiftspolitikken. Slik må vi jobbe for å sikre grunnlaget for kunnskapssamfunnet av i morgon.

Vi treng eit breiare offentleg ordskifte kring IKT-politikk. For å ta eit døme innan standardar og fri programvare, som eg er oppteken av. Dette er eit område der vi òg har sett reaksjonar i form av demonstrasjonstog og opprop, men noko som sjeldan vert oppfatta som viktig av andre enn IKT-bransjen og dei spesielt interesserte. Eg trur IKT-politikken er for viktig til å overlate den til teknologane aleine. Det finst òg døme på at IKT vert debattert av andre enn dei  spesielt interesserte, til dømes då mange måtte ty til kinesisk nett-TV for å sjå den fyrste landskampen i fotball Noreg har vunne på veldig lenge. Vel, vi veit at bensinprisar er noko som engasjerer folk. Kan hende nokre landskampar i fotball som folk flest ikkje får sjå er det som skal til for at folk blir merksame på utfordringane og engasjerer seg når det gjeld IKT-politikken.


Før og etter Facebook
Vi tenkjer ofte at dei unge i dag kan dette med teknologi veldig godt. Omgrepet ”digitalt innfødde” er eit av mange omgrep som er nytta for å  skildre denne generasjonen. Dei har vakse opp med alt dette, og har fått det inn med morsmjølka. Vi vaksne, derimot, vi vert hengjande etter, og vil i beste fall te oss med ein lettare ”analog aksent”.

Dagens unge har eit heilt anna forhold til teknologi og media. Eit viktig trekk ved den medieutviklinga vi ser i dag er at folk skaper, deler og distribuerer informasjon og medieinnhald. Deltakarkulturen har etterkvart vorte eit kjent omgrep på korleis dei unge nyttar nettet. Deltakar- og delingskulturen på nettet har fyrst og fremst fått gjennomslag hos den yngre delen av befolkninga – barn og unge, men der òg vaksne hengjer seg på.

Tenestene er òg mangfaldige. Du kan gå inn og søkje etter eller sjølv medverke med leksikonartiklar på Wikipedia. Faglege og sosiale nettverk vert oppretta på nettet og pressgrupper på Facebook og bloggarar kjem på framsidene av avisene. Somme av dei engasjerer seg fordi dei ikkje liker paprika på Grandiosaen (jfr. kampanje for å få Stabburet til å fjerne paprikaen frå pizzaen), medan andre er opptekne av andre ting, til dømes har facebook-gruppa ”organdonasjon redder liv” 115 000 medlemmer

Medan mange av den eldre garde kanskje ristar litt på hovudet over alle nye tenester og trendar som brer om seg, har dei unge ei tilsynelatande fryktlaus haldning til dette. Dei nyttar dette med den største sjølvfølgje. Eg har sjølv høyrt historier frå arbeidslivet om nye generasjonar arbeidstakarar som kjem på sin fyrste dag på jobb og spør om ”kvar chattetenesta er”. Då spørst det om jobben sitt intranett, det elektroniske arkivet eller internposten er det som dei hadde sett for seg. Ei chatteteneste vert vel mest oppfatta som eit naturleg arbeidsverktøy blant dei unge, slik e-post vert nytta av oss vaksne? Er vi førebudde på dette?
 
Vi har i dag 2025 for auge. Det inneber at dagens pode på 5 år er fylt 20 år. Dagens 15-åring er fylt 30 år. Korleis vil deira medievanar verte reflekterte i politikk- og samfunnsutviklinga? Dei vil vere veljarar og sannsynlegvis brukarar, men òg vonleg produsentar av viktige offentlege og private tenester. Vil framtidas ungdomar forresten sitje og le av dei mange filmane som i dag ligg ute på YouTube og profilane på Facebook på same måte som vi i dag ler litt av Rondo i 1995? Sannsynlegvis…

Viss IKT-politikken skal vere relevant, må den evne å spegle att samfunnet elles. Vi ser ofte at den teknologiske utviklinga går raskare enn politikken på ein del område. Til dømes ser vi det når det gjeld spørsmålet om opphavsrett. Tradisjonelle forretningsmodellar vert utfordra. Korleis skal vi evne å fange opp dei nye brukarvanane som mange av dei unge har utvikla, og som teknologien i stor grad har opna for? Vi må leggje til rette for nye forretningsmodellar som gjenspeglar utviklinga på ein god måte.

Av og til så overgår røyndomen fantasien. Vel, vi har, i 2009, ikkje flygande biler og vi et ikkje mat i pilleform. Vi kan vel òg seie at Virtual Reality-samfunnet heller ikkje har slått til i stort monn, enno. Kven hadde trudd, 20 år tilbake i tid, at ein på mobiltelefonen kan finne ut kvar ein skal gå ved hjelp av eit kart som guidar deg når du har gått deg vill. Og alt dette på ein mobil i lommeformat utan antenne (jfr. Wall street-filmen frå 80-talet). Eller at mobilen kan fortelje deg kvar venene dine har teke vegen. Det har skjedd enorme teknologiske framskritt på relativt få år.

Kven hadde trudd at ein kirurg kan utføre avansert kirurgi eller medisinske undersøkingar på ein pasient som det er fleire mils avstand til  (nei, eg snakkar ikkje om snåsamannen no…). Men samstundes har vi ikkje kome langt nok når det gjeld standardisert, heilskapleg og sikker tilgang til viktige pasientopplysningar i helsevesenet, og det vil regjeringa gjere noko med. Vi har framleis ein lang veg å gå før moglegheitene vert utnytta i fullt monn.

Avslutning
Eg meiner det er viktig å ha ein IKT-politikk ut frå at IKT er ei særs viktig drivkraft for verdiskaping og økonomisk vekst. Det er ikkje minst viktig i dei økonomiske tidene vi står midt oppe i no. No er ikkje høg økonomisk vekst i form av stadig betre materiell levestandard utan vidare eit mål i seg sjølv. Særleg ikkje dersom auka levestandard inneber meir klimaendringar, større skilnader mellom folk, meir arbeid og mindre fritid.

Men verdiskaping og økonomisk vekst er viktig òg for å behalde og utvikle vidare eit samfunn prega av verdiar som velferd, demokrati, openheit og klimasamvit. Eit samfunn for alle.

De vil snart bli presenterte for rapporten Det norske IKT-samfunnet - scenarium mot 2025. Rapporten teiknar fire ulike framtidsbilete av korleis IKT kan påverke det norske samfunnet dei neste 15 åra. Den diskuterer blant anna korleis vi i Noreg skal satse på infrastruktur, næringspolitiske spørsmål knytte til bruken av IKT, og om vi bør velje sentralisering eller desentralisering av IKT-politikken i framtida. Dette er viktige spørsmål, og eg ønskjer ein debatt om IKT-politikken velkomen.

Eg håper stortingsvalet i 2009 vil vere eit val der vi får sjå kva IKT betyr for samfunnsutviklinga i form av at partia nyttar ny teknologi til å nå ut til veljarane. Samtidig håper eg òg at vi kan få gode debattar om IKT-politikk. Kva bør Noreg gjere når det gjeld? Kva er framtidas breibandspolitikk? Korleis kan ny teknologi nyttast i helsevesenet? Kva skal vi gjere for å hindre at innføring av ny teknologi trugar personvernet?

I salen i dag sit det mange som kan bidra til slike debattar. Eg håper vi kan gjere vårt for at IKT-politikken får den plassen den fortener i det komande stortingsvalet.

Takk skal de ha og takk for meg.