Historisk arkiv

Regjeringa sin strategi for fornying av offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Strategien gir hovudretninga i regjeringasitt arbeid med fornying i offentleg sektor. Den omtalar verdigrunnlaget og sentraleprinsipp for arbeidet. Den syner at regjeringa satsar på fellesskapsløysingane. Offentleg sektor skal gå føre, og ikkje ukritisk kopiera marknadsløysingane. Strategien skal sikra at ideal som likskap og rettferd blir følgt opp i praktisk politikk.

Fornyingsstrategien gir hovudretninga i regjeringa sitt arbeid med fornying i offentleg sektor.Regjeringa har store ambisjonar for offentleg sektor. Vi treng ein sterk og effektiv offentleg sektor for å sikre velferd, og folk må kunne stole på dei offentlege løysingane. Ein god offentleg sektor sikrar òg stabile og framsynte rammevilkår for næringslivet.

Denne strategien gir hovudretninga i regjeringa sitt arbeid med fornying i offentleg sektor. Den omtalar verdigrunnlaget og sentraleprinsipp for arbeidet. Den syner at regjeringa satsar på fellesskapsløysingane. Offentleg sektor skal gå føre, og ikkje ukritisk kopiera marknadsløysingane. Strategien skal sikra at ideal som likskap og rettferd blir følgt opp i praktisk politikk.

Fornyingsstrategien gir ein rekkje døme på tiltak knytte til velferds- og forvaltingstenester som er retta mot innbyggjarane, og tiltak retta mot næringslivet. Men fornyingsarbeidet omfattar òg det indre livet i forvaltninga, mellom anna organisering, arbeidsmetodar og leiarskap, sjølv om hovudvekta ikkje er lagt  på dette i tiltaka som er omtalt.