Veiledninger og brosjyrer, 04.06.2007

Veileder til reglene om offentlige anskaffelser

Elektronisk utgave - for anskaffelser foretatt før 1. juli 2012

Utskriftsvennlig versjon av veilederen (PDF, 1 Mb)

Forord

 

Kjære leser,

Du held no i handa ei ny og omfattande rettleiing til regelverket for offentlege innkjøp.

Eg er glad for å kunne by på denne samtidig med at eit fornya og forbetra innkjøpsregelverk trer i kraft. Målet er at rettleiinga skal vise veg på eit viktig og til tider komplisert område, og bli eit nyttig verktøy for dei som arbeider med dette til dagleg.

Regjeringa er opptatt av å ha eit regelverk som virkar godt, av di det offentlege nyttar meir enn 200 milliardar kroner på kjøp av varer og tenester, bygg og anlegg. Det vert då avgjerande å sikre ein god bruk av desse ressursane gjennom at leverandørane møter sunn konkurranse om leveransar til offentlige verksemder.

Eg nytter høve til å framhalde at offentlege innkjøp må skje på ein måte som vekker tillit i omverda. Sida det finn stad store verdioverføringar mellom leverandørar og stat og kommunar, er det særs viktig at denne aktiviteten skjer på ein etisk og ryddig måte. For å synliggjere dette, er formålsparagrafen i loven utvida. Lova seier no at regelverket skal «bidra til at det offentlige opptrer med høy integritet, slik at allmennheten kan ha tillit til at offentlige anskaffelser skjer på en samfunnstjenelig måte». For å underbyggje kravet om ryddige innkjøpsprosessar, gjer rettleiinga ein grundig handsaming av prinsippa om likebehandling, føreseielegheit, transparens og konkurranse.

Ei anna nyskaping i regelverket er eit krav om at innkjøparar skal ta omsyn til universell utforming i planlegginga av alle innkjøp. Dette skal føre til at produkt og omgjevnader vert utforma slik at dei kan nyttast av alle, noko som vil medvirke til at ein møter færre funksjonsbarrierar i det offentlege.

Innkjøp er eit område som i dei seinare åra har fått stadig meir merksemd hos offentlege verksemder. Det er trong for høg kompetanse, både innkjøpsfagleg og i høve til regelverket. Eg vonar at denne rettleiinga kan medvirke til å heve kvaliteten på innkjøpsarbeidet ytterlegare, og at området vert gitt naudsynt merksemd både i stat og kommunar.

Eg ynskjer dykk lukke til, og voner at rettleiinga kjem til nytte.

Oslo, november 2006

Heidi Grande Røys
Fornyings- og administrasjonsminister

Kontaktinformasjon

Konkurransepolitisk avdeling

Telefon: 22 24 47 77
Faks: 22 24 27 23

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Tilknyttet lov/forskrift

Kontaktinformasjon

Konkurransepolitisk avdeling

Telefon: 22 24 47 77
Faks: 22 24 27 23

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59