Standardisert offentleg IKT
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 01.03.2012
Opne standardar - betre samhandling
Gode og lett tilgjengelege elektroniske tenester er avgjerande for opplevinga brukarane har av eit velfungerande offentleg tenestetilbod. Dette vil berre forsterkast i framtida. Det er da viktig å fokusere på felles løysingar - for å forenkle utviklinga til verksemdene av tenester og å gi brukarane fordelen av attkjenning. Bruk av opne standardar er ein naturleg veg å gå.
Bruk av opne IKT-standardar er ikkje berre eit kostnadsspørsmål. For sjølv om det vil kunne gi lågare utgifter, vil det fyrst og fremst sørgje for betre samhandling mellom verksemdene - og sørgje for betre tenester til befolkninga. Det kan òg føre til at verken verksemdene og brukarane ikkje blir låste til ein spesiell teknologi eller leverandør.
Deling av kjeldekodar til alle sin nytte
Det same gjeld bruk av løysingar baserte på opne kjeldekodar. Regjeringa ønskjer at det offentlege i større grad tek i bruk dette. Ein slik kultur - der eigenutvikla programvare blir delt - vil ikkje berre kome verksemdene til gode, men også organisasjonar, bedrifter, studentar - og IKT-spesialistar.
Eigne komponentar blir felles
Store nye statlege IKT-prosjekt må alltid vurdere om dei har komponentar som kan brukast i ein felles offentleg IKT-infrastruktur. Eit breitt spekter av elektroniske tenester, frå heile den offentlege sektoren, skal vere tilgjengelege via portalane Miside og Altinn - og det er avgjerande å gjere tilpassinga til det einskilde arbeidet så enkel som mogeleg, via eit felles arkitekturprinsipp.
Tiltak som blant anna går på standardisering av IKT i offentleg sektor:
7.4 Etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor
Arkitekturen skal vere lagdelt og vil minimum bestå av eit presentasjonslag, eit felleskomponentlag og eit verksemdslag. Arkitekturen skal i størst mogleg grad baserast på opne standardar og eit regime for informasjonstryggleik. Innan utgangen av 2007 skal det utarbeidast ei meir detaljert beskriving av arkitekturprinsippa med tilhøyrande strategi, målbilete og retningslinjer. Sektoranes og verksemdenes IKT-strategiar og store offentlege IKT-prosjekt, skal byggje på og understøtte desse.
7.5 Utarbeiding av ein referansekatalog over forvaltningsstandardar
Det skal etablerast forvaltningsstandardar som skal presenterast samla i ein såkalla referansekatalog. Referansekatalogen skal gi offentlege verksemder, leverandørar og andre interesserte ei oversikt over tilrådde og obligatoriske forvaltningsstandarar med relevans for IKT-løysingar i det offentlege. Referansekatalogen skal byggjast opp gradvis over tid, og vil i 2007 bli utvida med konkrete standardar på fleire nye område.
7.6 Det skal vurderast å etablere felleskomponentar
For å understøtte den stadig meir komplekse elektroniske samhandlinga i og med offentleg forvaltning, og samtidig bidra til ei mest mogleg brukarretta forvaltning som utnyttar knappe ressursar på ein mest mogleg effektiv måte, skal det vurderast å etablere felleskomponentar for offentleg sektor. I den samanheng må ein bl.a. vurdere korleis dette bør finansierast, styrast og organiserast.
7.7 Samarbeid med store IKT-prosjekt om felleskomponentar
I store nye IKT-prosjekt i staten skal prosjektet vurdere om dei kan bruke statens felles IKT-komponentar, eller om prosjektet kan ha eller utvikle komponentar som kan stillast til rådvelde for fellesskapet. Det er ein føresetnad at vurderingane ikkje må føre til særleg negative konsekvensar for prosjektet og for noverande driftsløysingar m.v. knytte til desse.
7.8 Vurdere oppbygging av eit fornya folkeregister
Regjeringa skal i samband med arbeidet med felles personopplysningar vurdere eit fornya folkeregister
7.9 Vurdere felles statlege krav for IKT-tryggleiksprosessar
På område der det er spesielle lovkrav, avtalerettslege forhold eller evt. særleg risiko, vil regjeringa vurdere å stille krav om sertifisering. IKT-tryggleiken i offentleg sektor skal byggje på nasjonal strategi for informasjonstryggleik. For å lykkast med å implementere elektronisk forvaltning er det derfor ein føresetnad at ein har systematisk styring av styresmaktenes og verksemdenes IKT-tryggleik
7.10 Etablering av eit nasjonalt kompetansemiljø for open kjeldekode
For at offentlege verksemder skal ha betre føresetnader til å ha eit aktivt forhold til open kjeldekode, skal det opprettast eit kompetansemiljø som fungerer som nøkkelressurs for offentlege verksemder på dette området.
7.11 Preferanse for open kjeldekode
Regjeringa vil vurdere å leggje til grunn ein preferansepolitikk for open kjeldekode, slik at offentlege verksemder skal velje open kjeldekode bl.a. når slike løysingar er like kostnadseffektive og med god nok kvalitet i forhold til dei leverandøreigde. I tillegg vil FAD vurdere etablering av generelle prinsipp om at programvare som blir utvikla på oppdrag frå det offentlege, skal gjerast tilgjengeleg som open kjeldekode.
7.12 Open kjeldekode som tema i relevant utdanning
Regjeringa vil vurdere korleis ein kan styrkje opplæring og bevisstgjering om open kjeldekode i vidaregåande skuleopplæring, og samstundes forbetre undervisningstilbodet på dette området på høgskule- og universitetsnivå.
7.13 Avklare organisering av arbeidet med felleskomponentar
Regjeringa vil vurdere korleis arbeidet med felles IKT-arkitektur for offentleg sektor, etablering av felleskomponentar, det vidare arbeidet med forvaltningsstandardar m.m., i tida framover bør organiserast, styrast og finansierast.
Kommenter meldinga: