Lansering av MiSide er utsett
Innbyggjarportalen MiSide vert lansert etter nyttår. Sjølv
om alle tekniske løysingar er klare til jul, lyt ein ha ein lengre
testperiode før MiSide vert open for allmenn bruk. Endeleg dato for
lansering vil departementet kome tilbake til i første halvdel av
januar.
– Vi tek ikkje sjansen på å lansere
MiSide før vi har fått nok tid til testing og kvalitetssikring.
Innbyggjarane skal ha tillit til at informasjonen deira vert trygt
handsama, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.
Ho er sjølv svært nøgd med at så
vel Sikkerhetsportalen for trygg innlogging og Miside-løysinga,
begge er på plass til jul. Det gir rom for god uttesting.
Ministeren skal sjølv opne
Sikkerhetsportalen den 15. desember. Sikkerhetsportalen vil verte
tatt i bruk av næringslivsportalen Alltinn først og det skjer
allereie den 16. desember. MiSide derimot treng meir omfattande
testing. Difor vert det lansering av MiSide i løpet av første
kvartal 2006.
– Vi held igjen lanseringa til vi
er heilt sikre på at alt er på stell, seier statsråden som har
store håp til nytta MiSide vil få:
– Vi har store ambisjonar for den vidare utviklinga av
MiSide. For det første vil vi utvide MiSide frå berre å inkludere
tenester frå statlege etatar til og å tilby kommunale tenester. Eit
døme på dette kan vere elektronisk søknad om plass i barnehage. For
det andre vil vi utvide MiSide til også å verte ei felles trygg
postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og
offentlege verksemder. Du vil til dømes kunne få svar på søknader,
skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll –
alt samla i same elektroniske postkasse.
Moderniseringsdepartementet leier
MiSide-prosjektet med prosjektdeltakarar frå 6 ulike etatar.
Sikkerhetsportalen vert tilbydd og drifta av Bankenes
Betalingssentral, BBS. Brønnøysund-registra har
forvaltningsansvaret for rammeavtalen. MiSide løysinga som er laga
av Software Innovation, vert forvalta av Noreg.no.
For meir informasjon, sjå
www.norge.no/minside og
www.brreg.no/sikkerhetsportal