Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal fremme bruken av og kunnskap om fri programvare i offentlig sektor, sikre næringsutvikling innan fri programvare i Noreg samt sikre FoU-aktivitetar og Universitets- og høgskoletilbod. Fornyings- og administrasjonsdepartementet støttar senteret med to millionar kroner. I tillegg vil Kunnskapsdepartementet medvirke med 750.000 kroner. Bak senteret står Buskerud fylkeskommune, Rådet for Drammensregionen, Høgskolen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Norge.

– Prinsippet om fri programvare i seg sjølv er eit prinsipp det er verdt å stå opp for. Det handlar om openheit, samarbeid og deling av kunnskap. Det er verdiar vi ynskjer at det norske samfunnet skal vere kjenneteikna av, seier Grande Røys.

Kompetanse er identifisert som den største barrieren for at offentlege verksemder skal ta i bruk fri programvare. Lanseringa av senteret er derfor ein merkedag i regjeringas satsing på dette området.

– Regjeringas satsing på fri programvare er meir enn etableringa av det nasjonale senteret. I statsbudsjettet for i år vart det løyvd 10 millionar kroner til arbeidet med fri programvare og opne standardar. Vi skal òg vurdere å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, seier Heidi Grande Røys.

Fakta
Fri programvare er ei viktig satsing i regjeringas stortingsmelding om IT-politikk; Eit informasjonssamfunn for alle. Fri programvare er programvare som gir brukar tilgang til å lese kjeldekoden, og rett til å endre eller vidareutvikle programvara.

Kontaktpersonar
Helge Kvandal, rådgivar i Fornyingsdepartementet, tlf. 22244776 / 40284275
Anders Werp, styreleder i Kompetansesenteret, tlf.  91388194
Per Morten Hoff, generalsekretær i IKT-Norge, tlf. 92022354
Svein Erik Wilthil, underdirektør i KS, tlf. 90523368
Trond Arne Kongsli, Bredbåndsfylket Troms, tlf. 91707348

Les òg

Open source software - A key element in Norwegian ICT-strategy, Opening speech at the eZ Awards 2007, by Heidi Grande Røys (07.06.07)