Historisk arkiv

Kyrkjedemokrati blir lovfesta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Regjeringa la i statsråd i dag fram forslag til endringar i kyrkjelova sine føresegner om kyrkjeval. Formålet med forslaget er å følge opp kyrkjeforliket frå 2008. Dette er ein politisk avtale der alle stortingspartia var samde om å gjennomføre ein demokratireform i kyrkja.

Regjeringa la i statsråd i dag fram forslag til endringar i kyrkjelova sine føresegner om kyrkjeval. Formålet med forslaget er å følge opp kyrkjeforliket frå 2008. Dette er ein politisk avtale der alle stortingspartia var samde om å gjennomføre ein demokratireform i kyrkja.

Kyrkjeforliket er gjennomført i fleire steg. Våren 2012 vedtok Stortinget både endringar i  reglane om statskyrkjeordninga i Grunnlova og endringar i kyrkjelova. I dette låg som ei forutsetning at regjeringa skulle legge fram eit eige forslag om ny valordning for Den norske kyrkja. Det er dette som blir lagt fram i statsråd i dag.

– Eg er glad for den breie politiske oppslutnaden det har vore om oppfølging av kyrkeforliket. Med dette lovforslaget er alle forslag som var del av kyrkjeforliket fulgt opp, og vi har lagt eit godt grunnlag for vidare reformer i den kyrkjelege forvaltninga, seier kyrkjestatsråd Rigmor Aasrud.

Det nye lovforslaget inneber at:

  • Kyrkjeval skal haldast på same tid som stortings- eller kommunestyreval. Kyrkjeval skal og haldast i lokale som ligg nær vallokala som blir nytta til dei politiske vala.
  • Det skal velgast sju leke medlemmar av bispedømmeråda ved fleirtalls- eller forholdstalsval, og minst fire av desse skal velgast ved direkte val.

Dette inneber at hovudelementa i demokratireformen blir lovfesta.

Endringer i kirkeloven (Prop. 78 L (2012-2013))