Startar bygging av nye statlege bygg for 13,7 milliardar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2013
- Eg er glad for at vi i revidert budsjett har løyvd pengar som gjer at fleire store og viktige statlege byggeprosjekt kan starte opp, seier Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjeminister Rigmor Aasrud. Regjeringa ønsker å sette i gang sju store prosjekt med ei samla kostnadsramme på 13,7 milliardar kroner. Dei tre største prosjekta er nybygg for kunst- og designhøyskolen i Bergen, nybygg for det nye universitetet i Ås og Veterinærinstituttet, og nytt Nasjonalmuseum på Vestbanen.
- Eg er glad for at vi i revidert budsjett har løyvd pengar som gjer at fleire store og viktige statlege byggeprosjekt kan starte opp, seier Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.
Regjeringa ønsker å sette i gang sju store prosjekt med ei samla kostnadsramme på 13,7 milliardar kroner. Dei tre største prosjekta er nybygg for kunst- og designhøyskolen i Bergen, nybygg for det nye universitetet i Ås og Veterinærinstituttet, og nytt Nasjonalmuseum på Vestbanen.
Med desse byggeprosjekta satsar regjeringa i 2013 større enn i "tiltaksåret" 2009. Då vart det sett i gong sju byggeprosjekt i samband med tiltakspakka mot finanskrisa.
Prosjekta det no er løyvd pengar til er:
- 15 millionar kroner til nybygg for samlokalisering av Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Kostnadsramma er foreslått sett til 1 037,8 millionar kroner.
- 53 millionar kroner til nybygg for det nye universitetet i Ås og Veterinærinstituttet. Kostnadsramma er foreslått sett til 6 325 mill. kroner.
- 60 millionar til nybygg for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Kostnadsramma er sett til 5 327 millionar kroner.
- 12 millionar kroner til nytt teknologibygg ved Høgskolen i Sør-Trøndelag Kostnadsramma er foreslått sett til 686,2 millionar kroner.
- 20 millionar kroner til rehabilitering av universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen, fase 1. Kostnadsramma er foreslått sett til 328 millionar kroner.
- 5 millionar kroner til rehabilitering av Statens æresbustad Grotten. Kostnadsanslag 12 millionar kroner.
- 8,5 millionar kroner til nytt kjøkken og universell tilkomst til Håkonshallen i Bergen. Kostnadsanslag 18 millionar kroner.