Historisk arkiv

Forsvarssektoren med målretta miljøoffensiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

- Forsvarssektoren gjer ein omfattande innsats med å sikre naturområde for skader og forureining. Forsvarssektorens verksemder skal være føregangsetatar når det gjeld miljøomsyn, seier forsvarsminister Grete Faremo.

- Forsvarssektoren gjer ein omfattande innsats med å sikre naturområde for skader og forureining. Forsvarssektorens verksemder skal være føregangsetatar når det gjeld miljøomsyn, seier forsvarsminister Grete Faremo.

Forsvarsdepartementet gir i miljøutgreiinga 2009 eit samandrag av ein omfattande innsats for å førebyggje forureining og naturskade og for å rydde opp etter tidlegare tiders forureining.

– Forsvaret har gjennom fleire år arbeidd godt og systematisk med miljøvern. Sjølv om Forsvaret ikkje er den første ein tenkjer på som miljøvenleg, så er eg imponert hvor kor godt Forsvaret har integrert miljødimensjonen i verksemda si. Til dømes er vi skikkeleg imponerte over Forsvarets uthaldande innsats når det gjeld opprydding av skytefeltet på Hjerkinn, seier departementsråd Harald Rensvik i Miljøverndepartementet.

Miljøvernarbeid i operasjonar
For første gang var det i 2009 engasjert ein miljøvernoffiser i det nasjonale støtteelement i Afghanistan, som mellom anna utarbeida prosedyre for å minske bruk av drivstoff og tiltak for sikrare handtering av drivstoff og betra kontraktar for handsaming av avfall og kloakk.

Når det gjeld operasjonen i Tsjad, blei vassforvalting og forsvarleg handsaming av avfallsvatn identifisert som dei største utfordringane for miljøet. Det blei derfor sette i verk vassparande tiltak.

Rehabilitering av skyte- og øvingsfelt
2009 blei eit svært godt år med omsyn til rydding i Hjerkinn skytefelt. Gjennom åtte veker blei 20 km² rydda for nærare 110 tonn rester frå ammunisjon og 882 blindgjengarar. Dette er like mye som dei tre tidlegare åra til saman.

I 2009 blei det også etablert eit prosjekt for rydding av 13 andre skyte- og øvingsfelt som skal avhendast i perioden 2010-2013, og det er i den samanhang sette i gang eit forskings- og utviklingsprosjekt for å løyse utfordringar knytte til handsaming av tungmetallforureina myr. Det er også utvikla ei handbok om å førebyggje og rehabilitere naturskade i samarbeid med Direktoratet for Naturforvaltning, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statens Vegvesen.

Opprydding av forureina sjøbotn
I 2009 blei det også arbeidd med fleire prosjekt som gjeld forureina sjøbotn, mellom anna i Ramsund, der kjelder til utlekking frå land er fjerna eller sikra. Ein tek sikte på å gjennomføre opprydding av forureina sjøbotn der i perioden 2011-2012. I Marvika blei det gjennomført omfattande mudringsarbeid for å fjerne forureina sediment, som vil bli ført vidare i 2010. Sjøbotnen ved Olavsvern blei også undersøkt med tanke på eventuelle tiltak.
Det er i 2009 gjennomført ei rekkje tiltak med omsyn til grunnforureining, og eit prosjekt som skal kartfeste og registrere all grunnforureining på eigde og leigde eigedommar ble starta opp.

Avfallshandsaming og energileiing
Avfallshandsaminga viser også gode resultat: Til saman gjekk 78 % av avfallet til attvinning. Eit omfattande energileiingsprogram har til no medført ei innsparing på 78 GWh samanlikna med 2006. Dette er like mykje energi som 4000 husstandar bruker i eit år, og utgjør ca 15 prosent av Forsvarets totale energiforbruk. (Jf. også egen nettsak om dette).

Forsvaret styrkte også arbeidet med miljø- og samfunnsansvar i mellom anna tildeling av avtale for proviant til Forsvarets kjøkken, og innfører 5 % økologisk mat frå 2010. Dette skal auke til 15 % i 2012.

-  Det er eit mål for oss å gjere vår verksemd stadig betre med omsyn til miljø og til å førebyggje forureining. Vi  vil derfor arbeide målretta med miljøleiing også i åra som kjem, seier forsvarsministeren.