F-35 er no igjen klart til å byrje trening og testing. Bildet vart teke i august 2012 og syner det første nederlandske F-35-flyet som tek av for første gong. Høgoppløsleg versjon av dette bildet finn du her (Lockheed Martin)

Etter mindre enn ei veke på bakken er F-35 no klare til å byrje testing og trening igjen etter at motorprodusenten Pratt & Whitney har vurdert årsaka til sprekka som vart funnen i eit turbinblad. Konklusjonen er at dette skuldast slitasje etter at akkurat denne motoren og dette eine flyet i lang tid har vore del av dei mest ekstreme delane av testprogrammet som igjen og igjen har pressa flyet heilt til yttergrensa av kva F-35 skal tåle. Dette er altså ikkje grunna eit problem med korleis motoren er utforma eller bygd, men slitasje etter ekstreme påkjenningar over lang tid.

- Dette stadfestar berre at utviklinga av flyet er god og at dei rutinane ein har for kontroll av motorar og fly fungerer som dei skal. Ein har gått gjennom alle motorane på alle flya og ingen andre har vist liknande teikn på skadar eller merker etter slitasje. Det ein gjer no er at ein tek med seg denne erfaringa inn i planlegginga av vedlikehaldet av F-35 i framtida. Prosessen ellers går no videre som normalt og arbeidet med å førebu bygginga av dei første norske flya som skal leverast i 2015 kan halda fram, seier Anders Melheim, som er programdirektør i det norske kampflyprogrammet.

Utviklinga i programmet har elles vore svært god i det siste – les meir her: «Det går sakte men sikkert fremover.»


For mer informasjon eller kommentarer, kontakt pressevakta i Forsvarsdepartementet på tlf 23096011 - 
fdinfo@fd.dep.noeller kommunikasjonsrådgjevar i Kampflyprogrammet Endre Lunde på 90853270 -  endre.lunde@fd.dep.no.

Fakta om den norske anskaffinga av F-35:

- Norge skal kjøpe inntil 52 kampfly av typen F-35 for å sikre at Forsvaret og i framtida skal kunne løyse oppdraga sine best mogeleg.

- Anskaffinga har ein reikna ut vil koste 62,6 milliarder reelle 2013-kroner. Dei overordna norske kostnadsestimata har vore stabile sidan 2008.

- De første fire F-35 som skal nyttast til trening av norske mannskap tok ein avgjerd om å kjøpa i 2011. Dei to første av desse skal leverast i USA i 2015 og de to siste i 2016.

- Regjeringen tel sikte på å gå til Stortinget i første halvdel av 2013 for å få fullmakt til å bestilla dei første flyene som ein planlegg å få levert til Norge i 2017.