Fortsatt lokalt nærvær er eit stikkord for Heimevernet si vidare utvikling i den nye langtidsplanen.  – All erfaring tyder på at nærvær er grunnleggjande for å kunne bidra i krisehandsaming i både krig og fred, seier forsvarsminister Espen Barth Eide.

Regjeringa går i den nye langtidsplanen for forsvarssektoren, som blei lagt fram i dag, inn for at Heimevernet vert styrkt. Difor skal alle dei 11 HV-distrikta og HVs størrelse behaldast. Det er vidare regjeringa si haldning at ein må ha ein riktig balanse mellom innsatsstyrkane sin rolle til å løyse eit bredt spekter av oppgåver, og områdestyrkane med lokalkunne og nærleik til folk og geografi. 

Regjeringa vil difor føreslå å vidareføre eit heimevern på 45 000 soldatar, med områdestyrker på om lag 42 000 soldatar og innsatsstyrkar på om lag 3 000 soldatar. Heimevernet skal utviklast vidare med eit sterkt fokus på oppdragsløysing innan vakthald og sikring. Heimevernet skal og gjennom sin lokalkunne vidareutvikle evna til nasjonal krisehandtering og oppdraga med sivil-militært samarbeid. Det vil og verte meir årleg trening, spesielt knytt til sikring av kritiske bygg og infrastruktur. Regjeringa tek sikte på å auke treninga gradvis for områdestyrkane og vidareføre dagens høge treningsnivå for innsatsstyrkane.

I tråd med fokuset på lokal forankring, vakthald og sikring er Sjøheimevernets kommandostruktur føreslått avvikla, medan den taktiske leiinga av Sjøheimevernsstyrkane vart ivareteken av dei territoriale distriktsstabane. Dette vil forenkle kommandolinjene og styrke den operative fleksibiliteten. Båtstrukturen vert tilpassa ei meir desentralisert oppdragsløysing og Reine-klassen vil avviklast i Heimevernet. Regjeringa vil på eigna måte komme attende til korleis fartya skal nyttas. Det vil mellom anna bli vurdert å nytta det eine fartyet i Kystvakta.

-Vi har det førre året sett fleire døme på kva rolle Heimevernet vil kunne spele i akutte tilfelle. Dette er ein ressurs og ein kapasitet vi trur det ikkje vert mindre behov for i tida som er framfor oss, seier Eide.