Innsatsforsvarets kvalitet kvilar på kompetansen sin. –Vi har gjort ei massiv omstilling av struktur og materiell. Men gevinstane av denne moderniseringa kan berre hentas ut om ein legg til ei tredje, avgjørande akse; personellet. Tida er no moden for ein kompetansereform i sektoren, seier forsvarsminister Espen Barth Eide.

I den nye langtidsplanen for forsvarssektoren som vart lagt fram i dag, lanserte regjeringa ei reform på personell- og kompetanseområdet.

– Dette er den viktigaste satsinga vi gjer i Forsvaret framover. Breiare rekruttering, meir fleksible karriereløp og ein tovegs kompetanseflyt med resten av samfunnet er nokre av elementa vi må sjå på om vi skal ivareta sektorens behov for kompetanse i dag og i framtida, seier Eide.

Det stilles andre krav til personell og kompetanse i det moderne innsatsforsvaret enn i det tidlegare invasjonsforsvaret. Nye oppgåver og avanserte system skal meistrast, og det krev at Forsvaret trekkjer til seg dei beste hovuda og nyttar kompetansen dei tilsette har på ein best mogeleg måte.

– Det er ikkje nok at vi er gode på å rekruttere flinke og sterke menneske – det gjer vi allereie. Utfordringa er om vi rekrutterer alt for like menneske, når vi i dag treng mykje meir variert kompetanse enn tidlegare. For å finne dei rette må vi rekruttere frå heile folket. Det er heilt klart at vi ikkje er flinke nok til å rekruttere og halde på kvinner. Vi må sjå på kvifor det er slik, og om verneplikta, slik ordninga er i dag, er ein av grunnane. Det høyrer i alle høve ikkje med i tida at me har ei ordning i samfunnet som ikkje er lik for menn og kvinner. Vi skal vurdera ei verneplikt som ikkje er styrt av kjønn både på grunnlag av at alle skal ha dei same rettane og pliktene, og den kompetansen som forsvarssektoren i dag treng. Vi skal særskilt sjå på erfaringane frå sesjonsordninga som i dag gjeld begge kjønn, seier forsvarsministeren.

Arbeidet vil fokusere på sektorens evne til å rekruttere og behalde riktig personell med riktig kompetanse no og i framtida, evna til å utvikle medarbeidaranes kompetanse, og ikkje minst evna til strategisk kompetansestyring. Regjeringa varslar at dei tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med ei stortingsmelding om dette arbeidet innan årsskiftet.