Regjeringa foreslår at pensjon frå Noreg skal vere skattepliktig, anten mottakaren er busett i Noreg eller ikkje. Til  no har pensjon berre vore skattepliktig for den som bur i Noreg. Skattesatsen er sett til 15 prosent av brutto utbetaling. Pensjonistar innanfor EØS-området får rett til å bli skattlagde etter dei alminnelege skattereglane som gjeld for busette i Noreg, dersom desse reglane ville gitt lågare eller ingen skatt.

Etter gjeldande reglar blir pensjonar berre skattlagde i Noreg så lenge pensjonisten er busett her. Pensjonar til personar som er busett i utlandet, er skattefrie i Noreg.

Forslag til endring i skattereglane for utflytta pensjonistar blei sendt på høring 19. desember 2007. Høringsinstansane var overvegande positive til forslaget.

Etter forslaget til nye reglar vil pensjonar frå folketrygda og pensjonar frå offentlege tenestepensjonsordningar bli skattepliktige også for den som er busett i utlandet. Private pensjonar frå Noreg vil bli skattepliktige for utanlands busette personar som har opptent pensjonspoeng i folketrygda. Private pensjonar frå utlandet blir på same måten skattepliktige dersom sparinga til pensjonen er gjord med skatteføremon i Noreg. Dei nemnde pensjonane blir i stor grad finansierte av det offentlege gjennom statstilskotet til folketrygda og gjennom inntektsfrådrag ved sparinga til og utbetalinga av pensjonen. Forslaget skapar såleis større samanheng i skattesystemet mellom finansieringa av pensjonane og skattlegginga av dei.

Skatteavtalene Noreg har med andre statar, kan avgrense skatteplikta etter dei foreslåtte reglane. Etter gjeldande skatteavtaler med til dømes Spania, Pakistan og Thailand har Noreg sagt i frå seg retten til å skattleggje pensjonsinntektene til ein person som er busett der. Etter avtaler som gir Noreg rett til å skattleggje, blir dobbel skattlegging hindra ved at staten der pensjonisten bur, fritek pensjonen frå skattlegging eller trekkjer frå den norske skatten i skatten der på pensjonen.