Historisk arkiv

Ny forseinkingsrente frå 1. januar 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2009. Rentesatsen skal vere 10.00 %.

Finansdepartementet har i forskrift fastsette forseinkingsrenta for fyrste halvår 2009. Rentesatsen skal vere 10.00 %.

Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, lagt til minst 7 prosentpoeng. Reglane om dette gjennomfører EØS-reglar som svarer til eit EU-direktiv om forseinka betaling.

Sjå meir om forseinkingsrentesatsen
Sjå også Finansdepartementets forseinkingsrentekalkulator