Finansdepartementet

Vårt saksnr: 04/3318

Spørsmål nr. 66, fra Finanskomiteen/ Senterpartiets fraksjon, av 25. oktober 2004, vedrørende Statsbudsjettet 2005

"Vi bed om ei vurdering av kor mykje av Noregs EØS-kontingent som venteleg kjem til utbetaling i 2005?"

Svar: Spørsmålet er førelagd Utanriksdepartementet som har gitt følgjande svar:

I budsjettproposisjonen for 2005 er det gjort framlegg om å løyve 175 mill. kroner under kap. 116, post 70 som skal dekke Noreg sitt pliktige bidrag til EFTA, medrekna samarbeidet i EØS.

I tillegg kjem Noreg sitt bidrag til sosial og økonomisk utjamning i eit utvida EU/EØS. Framlegg til løyvingar til dei fleirårige EØS-finansieringsordningane tek utgangspunkt i ei vurdering av kor mykje av Noreg sin del som venteleg kjem til utbetaling i 2005. I St.prp. nr. 1 (2004-2005) er det gjort følgjande framlegg om løyvingar til finansieringsordningane:

Kap. 116, post 71

280 mill. kroner

Kap. 116, post 72

350 mill. kroner

Kap. 116, post 73

350 mill. kroner