Historisk arkiv

Frå Snåsa sparebank via Harvard University til Basel III

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

– særtrekk ved sparebanknæringa

Baselkomiteens kapital- og likvidtetsstandardar. Dei ligg til grunn for EU-kommisjonens forslag til CRD IV (Capital Requirements Directive) og skal gjelda frå og med 1. januar 2013, sa statssekretær Morten Søberg.

Gode møtelyd,

aller fyrst: takk for innbyding til å koma til Bergen og tala på Sparebankforeningens medlemsmøte. Om kva? Jo, om særtrekk ved sparebanknæringa. Det har eg tenkt å gjera på svakt essayistisk vis: personleg, men politisk; i sikk-sakk langsetter nokre raude trådar, både geografiske, filosofiske og historiske. Eitt ord utgjer bakteppet heile vegen: samfunnsansvar.

I. Frå Snåsa sparebank …
Eg byrjar med nokre harde fakta frå Nord-Trøndelag: Den 1. januar 1874 vart Snåsa kommune delt i to. Slik dukka Lierne opp på kartet – jamsides Snåsa. Og tolv år seinare, i 1886, vart Snåsa sparebank skipa. Vedtektene til den nye sparebanken vart “ved høieste resolusjon af 5the juni 1886 naadigst approberet”, altså godkjende av Finansdepartementet ved statsråd Baard M. Haugland. Johan Sverdrups finansminister, dette: ”den fyrste bonden i Kongens råd”. Han kjem eg tilbake til, skal de sjå.

Vel, eg hadde med meg soga om Snåsa sparebank til fjells tidlegare i haust. Ein lang, sein laurdagskveld framom peisen las eg til slutt dei nemnde vedtektene til banken. For det fyrste var dei på landsmål. Og for det andre var dette den fyrste sparebanken som vart tufta på nynorske lover. Men så kom eg til paragraf 30 og tenkte at den skal eg sanneleg lesa opp på sparebankmøtet i Bergen:

“Etter at ein varekapital paa minst 1/10 av, kvat alle innskytararne hava tilgodes, er lagd tilsides, hev raadet rett til aa gjeva burt av den uppsparde kapital elder av den aarlege utvinning i banken pengar til gagnlege fyremaal, serleg til aa stydja sovoret stræv innanfyr Snaasi, som heve til fyremaal folkeupplysning.”
 
Korleis omsetja dette; tolka det? Det er på sett og vis lite og stort samstundes. Vi talar om ein liten bank, ein på alle vis perifer finansinstitusjon. På same tid handlar dette om eit stort og sentralt særtrekk ved sparebankane gjennom alle tider: avsetjing og løyving av skilling og kroner til gagnlege eller ålmennyttige føremål. Som både i går, i dag og i morgon må kunne seiast å vera eit grunnleggjande uttrykk for samfunnsansvar.

Det særmerkte her er kan henda at ålmennyttige føremål vert kopla til ordet, fenomenet og sjølve grunnlaget for folkestyret, nemleg folkeopplysning. Dette vart gjort og skriftfest i 1886. Men det er eit nordleg ekko av opplysningstid. Og eg meiner det peikar framover; heilt hit: til skrift og tale om moderne, oppdaterte særtrekk ved sparebankane. Også dette skal eg koma tilbake til om litt.

Den nemnde laurdagskvelden tidlegare i haust las eg òg at det sumaren 1925 braut ut målstrid i “bankens midte” i Snåsa sparebank. Saka galdt utforminga av dei nye bankbøkene: Skulle tittelblad og innskotsvilkår skrivast på landsmål eller riksmål? Dette var tema på tre styremøte av di kasserar Ole Eggen hardt og kategorisk nekta å ordna med bankbøker på landsmål. Eggen fekk til sist viljen sin og gjekk dinest av to år seinare, etter 41 års teneste i banken. Han hadde såleis vore med heilt sidan byrjinga.

Apropos bankbøker: Slike finst ikkje lenger. Det gjer heller ikkje Snåsa sparebank – som sjølvstendig, eigen bank. Alt dette kan oppsummerast i ordet endring. Og dét er eit anna
(sjølvinnlysande) særtrekk ved sparebankane (til liks med det meste elles).

Den amerikanske filosofen Willard van Orman Quine har skrive at “to be is to be the value of a variable”. Just det. Og ein relevant variabel her og no er talet på norske sparebankar. Den har skift verdi over tid – radikalt og trendmessig. Det fyrste hundre året vart det stendig fleire sparebankar. Det høgste verdien antok variabelen i 1929, trur eg: Då var det 638 sparebankar i Noreg. Dinest har det vorte færre. Færre enn 600 frå og med 1957, færre enn 500 frå og med 1970 og færre enn 400 frå og med 1975. Så endringstakta har auka. Og no på måndag godkjende vi forresten to nye sparebankfusjonar. Dimed meiner eg at det snart er 112 sparebankar her til lands.

Alle desse tala fortel om endring. Og endringa har vore eit konstant særtrekk sidan 1822, sjølv om endringane har variert monaleg med tanke på både retning, styrke og tempo. Kva meir? Jo, denne variabelen – talet på sparebankar – oppfattar eg som endogen. Den er openbert ein funksjon av ei rekkje andre variablar. Både teknologiske, samfunnsmessige i vid tyding og politisk-regulatoriske.

Kan dette seiast på anna vis? Ja, vi kan sitera frå Fjellova. I paragraf 2 heiter det (nesten lyrisk) at “ [r]ett til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Retten skal kunne nyttast på ein måte som til kvar tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturleg etter tida og tilhøva”.

Og dei om ikkje tallause, så i alle fall talrike endringane som gjeld sparebankane, har nett vore naturlege etter tida og tilhøva. Av di tida og tilhøva har endra seg monaleg sidan sparebankvesenet tok til i dykkar år null, d.e. 1822.

Så, ei lett inkjeseiande oppsummering er at endring utgjer eit særtrekk ved sparebanknæringa. Samtidig som ein viktig del av målfunksjonen til sparebankane – jf. samfunnsansvar qua støtte til ålmennyttige føremål – står fram som fastare. Meir fjellstø og vêrhard, så å seia.

Nett dette – samspelet mellom fastleik og endring – skal eg no freista klårgjera noko meir filosofisk. Her kjem Harvard inn i biletet, for ikkje å seia inn i talen.

II. … via Harvard University …
Eg har som snarast nemnd filosofen Quine før. Etternamnet er forresten mansk: Farfaren hans utvandra til USA frå Isle of Man. Og ikkje berre frå Isle of Man, men frå landsbyen St. Johns. Der har eg vore, der ligg det eldste tinget i verda – attpåtil med norsk rot. Frå og med 1000-årsjubileet i 1979 har Stortingets presidentskap vore til stades kvart år når parlamentet på Isle of Man set møte der kvar midtsumarsdag (rekna etter den julianske kalenderen). Men nok om det! No: attende til hovudleia og Quine sjølv:

Han var professor ved Harvard i meir enn ein mannsalder, og vert rekna som ein av dei fremste i amerikanske filosofane i det førre hundreåret. Alt han skreiv, alle bøkene og artiklane, skreiv han på ein skrivemaskin av typen Remington frå 1927. For å på plass til ymse logiske symbol, laut han fjerna fleire ordinære teikn, mellom dei spørjeteiknet. Ifylgje The New York Times sin nekrolog vart Quine ein gong spurd om han ikkje sakna det? – Well, you see, I deal in certainties. kom svaret.

Mi lekmannsaktige framstilling av Quine er noko meir usikker, men eg prøvar meg: I essaysamlinga “From a logical point of view” har han med eit essay kalla “Two dogmas of empiricism”. Der – til slutt – ber til torgs ein posisjon som vi kan kalla rasjonell pragmatisme. Utgangspunktet hans er omgrepet kraftfelt; field of force. Dette inneheld alt, all kunnskap, alt frå geografi og historie til atomfysikk og rein matematikk og logikk. Alt dette er menneskeskapt – og alt samverkar med empiri: observasjonar i ulike former og fargar. Men empirien påverkar kraftfeltet på ulikt vis. Det vil seia: Nye observasjonar fører til endringar av og i kraftfeltet fyrst og fremst langs kantane, i kraftfeltets periferi. Dei sentrale delane av kraftfeltet er meir skjerma, ligg “lenger” vekk frå empirien og let seg ikkje lite fort eller lett endra i ljos av nye og ikkje minst “konfliktfylte” observasjonar.

Eit sentralt poeng hjå Quine er at ingen delar av kraftfeltet er immune mot endring. Sjølv dei mest sentrale – på alle vis – delane av vår samla kunnskap kan til sjuande og sist verta tvunge til å gjennomgå gjennomgripande endring. Eitt av Quine sine historiske døme på dette er Darwin si avløysing av Aristoteles. Eit anna: Einstein si erstatning av Newton.

Apropos Einstein: Eit sitat etter han er fylgjande: ”Gjer det så enkelt som mogeleg, men ikkje enklare enn det”. Så eg summerer opp Quine med dette: Kraftfeltet er kringsett av empiri – som skifter over tid. Dette fører stundom til endringar av og i kraftfeltet. Dei perifere delane av kraftfeltet vert endra fyrst og lettast, dei sentrale delane er meir, ja, fjellstøe og vêrfaste. Og endringane, ja, dei er rasjonelt pragmatiske – tilpassa tida og tilhøva.

Korleis passar desse tankane, denne tenkjemåten overeins med sparebanknæringa? Jo, sett at vi seier at norske sparebankar utgjer eit eige kraftfelt. Som inneheld alt som gjeld sparebankar: alle typar sparebankar, målfunksjonane deira, samfunnsfunksjonane deira, idiosynkrasiane deira med meir. Over tid vert heile dette kraftfeltet påverka av empiri; nye “fakta” – som til dømes teknologiske nyvinningar og nye samfunnstilhøve (jf. alt frå endra busetnadsmønster og næringsstruktur, lovverk og andre former for regulering). 

Eg meiner at soga om sparebankane vert både forenkla og lettare forståeleg i ljos av det quinske omgrepsapparatet. Talet på sparebankar – sparebankstrukturen – er eksempelvis ein del av kraftfeltet som har lege og ligg tett opp til empirien. Mindre perifert og meir sentralt i kraftfeltet har grunnleggjande samfunnsansvar vore lokalisert: Også innhaldet i omgrepet “ålmennyttige føremål” har vorte endra; har ei anna tyding i dag enn på 1880-talet. Men nett dette omgrepet og dette særtrekket ved sparebanknæringa har på sett og vis vore seigare, meir resistent overfor endra tider og tilhøve enn sparebankstrukturen som såvore. Slik sett gjev det meining å sjå på fenomenet skilling og kroner til ålmennyttige føremål som ein hard kjerne i det kraftfeltet som sparebankane utgjer.

Dette ynskjer vi å skriva om, lyfta opp og ikkje minst politisera. Siktemålet er å gjera det i eit eige og særskilt kapittel den neste Finansmarknadsmeldinga, som vi skal leggja fram for Stortinget til våren. Den raude tråden skal vera finansnæringas samfunnsansvar. Men dette skal jordast i forteljinga om den harde kjernen i sparebanknæringa: soga om gåver til ålmennyttige føremål over tid. Ambisjonen er å systematisera kunnskap om dette fenomenet, om omfang og innretting. Vonleg kan vi leggja fram tal som tel og fortel; tidsseriar. Vonleg kan vi òg lista opp døme på korleis ålmennyttige føremål har vore definerte og oppfatta gjennom skiftande tider. Dinest ynskjer vi å vera svakt normative: Skissera korleis ålmennyttige føremål òg bør inkludera det som vedtektene til Snåsa sparebank i 1886 lyfte fram i så måte: folkeopplysning.

Kvifor? Jo, folkestyret er òg eit kraftfelt. Og sentralt i dette er den tidlause trongen for ei opplyst, borgarleg offentlegheit. Eit område, ein sfære for kommunikasjon, for meiningsutveksling. Ein infrastruktur som legg til rette for samtale basert på innsikt og fornuft, for eit resonnerande og diskuterande publikum. Ei offentlegheit som rett nok kan endra seg i samsvar med tida og tilhøva, men som er både vid, djup og open for delte meiningar; hegemoniske og mothegemoniske om einannan.

Eit folkestyre tufta på permanent diskusjon og argumentets autoritet krev folkeopplysning. Det er eit politisk ansvar å leggja til rette for dette. Men det er òg ei politisk oppgåve å synleggjera og tydeleggjera at også andre enn offentlege styresmakter kan og bør ta eit slikt ansvar. Det har sparebankane gjort før. Det kan sparebankane framleis gjera – på sitt vis og kan henda på andre vis enn før. Vi får sjå, men vår ambisjon er i fyrste omgang å få slike resonnement og standpunkt opp i dagen og ut i ljoset, aktualisera det, setja det på den namngjetne dagsordenen. Dette er mogelegvis litt i Sverdrups ånd: Vår fremste statsmann var oppteken av – og søkte – å systematisk påverka den politiske tenkinga i landet. I denne samanhengen handlar det kan henda om å tenkja moderne om klassiske særtrekk ved sparebanknæringa.

III. … til Basel III
Finansministeren til Sverdrup – den fyrste finansministeren i ei fleirtalsregjering – lydde altså namnet Baard M. Haugland. Han var frå Stord, han kom inn på Stortinget i 1870. Eg har lese at han der ”vann han stor respekt som ein sindig og innsiktsfull representant med bank- og pengespørsmål som spesialområde”. Eg har òg fått med meg at utnemninga av Haugland markerte overgangen frå embetsmannsregimet til eit folkeleg, parlamentarisk styre: “Egentlig er han meget ulykkelig over sin Ophøielse,” skreiv venstreleiaren O. A. Qvam, “men han blev tvunget til at modtage den, fordi Optagelsen i Raadet af en slet og ret Bonde er den mest illustrerende Betegnelse paa Demokratiets Seier og Gravlæggelsen af de gamle bureaukratiske Fordomme.”

Nu vel. Eg har fyrst og fremst kalla Haugland og Sverdrup fram på scena for å minna om at det var dei som gjorde framlegg om det som vart den nye sparebanklova av 1887. I proposisjonen frå regjeringa var det òg eit forslag om ny og kraftigare regulering av sparebankane gjennom tenkt utnemning av ein sparebankinspektør. Eit slags finanstilsyn i einmannsfasong. Det forslaget slutta stortingfleirtalet seg derimot ikkje til då. (Dét skjedde derimot tre år seinare.)

Ei ny, revidert sparebanklov kom i 1924. Den seinare stats- og finansministeren Peder Kolstad (Bp) var saksordførar i finanskomiteen. Etter innspel frå Centralforeningen for Norges Sparebanker tilrådde Kolstad og komiteen då lovfesting av Sikringsfondet. Dette hadde vorte skipa i 1921, men tre år seinare hadde berre om lag 170 av over 570 sparebankar slutta seg til fondet. I og med den nye lova vart det obligatorisk. Vi plar seia at dette òg var byrjinga med stor B på ordningar med innskytargarantiar her til lands.

Kva handlar dette om? Stikkordet er regulering av finansnæringa. Regulering med sikte på auka og styrkt finansiell stabilitet. Som igjen kan sjåast på som eit kollektivt gode som det er eit politisk ansvar å skapa, leggja til rette for, tvinga igjennom. Både i 1887 og 1924 var dette eit avgrensa og norsk ansvar – i eit tydeleg skjeringspunkt mellom regjering, storting og (særskilt i det siste tilfellet) næringa sjølv.

Så: Femti år etter 1924 vart Basel-komiteen skipa. Og tjue år seinare kom Noreg med i EØS. Som kjent: I og med EØS-medlemskapen vert tilrådingane frå Basel-komiteen omsette til EU-direktiv som – på dette feltet – legg grunnlaget for og ligg til grunn for norsk lov, norske reguleringar. For å seia det med eit glimt i auget: Fram til 1851 var det (av ein eller annan grunn) Kyrkjedepartementet som hadde ansvar for bank- og finanssektoren i Noreg. No er det igjen høgare makter som legg premissane for reguleringa av næringa!..

No gjeld det Basel III: Baselkomiteens kapital- og likvidtetsstandardar. Dei ligg til grunn for EU-kommisjonens forslag til CRD IV (Capital Requirements Directive) og skal gjelda frå og med 1. januar 2013. For kort tid sidan la Finanstilsynet fram eit høyringsnotat med framlegg til lovendringar som i lag med utfyllande føresegner skal gjennomføra Basel III og CRD IV i Noreg. Eitt punkt, éin del er særskilt relevant for sparebankane. Det gjeld eigenkapitalbevis. I korte trekk kan det verta aktuelt å endra prioritetsrekkjefylgda til meins for eigenkapitalbevisa. Dette for å møta kravet om at eigenkapitalbevis skal kunna dekkja den forholdsmessig største delen av tap jamført med alle andre kapitalinstrument utferda av institusjonen. Finanstilsynet har derimot ikkje gjort framlegg om noka lovendring på dette punktet. Dette fordi den politiske handsaminga i EU – i Rådet og i EU-parlamentet – ikkje er avslutta. Inntil vidare gjeld difor status quo, som på sett og vis er eit balansepunkt: Eigenkapitalbevis har både relativt sterkare vern og relativt svakare eigarmakt. Alt dette kjenner de til. Alt dette – og meir til – ser vi òg fram til samarbeid om.

I Antikken var historiesynet sirkulært. Sidan overtok det lineære. No er det kan henda snakk om ein kombinasjon. I alle fall har vi dei siste åra arbeidd aktivt over EU for å sikra det som byrja tidleg på 1920-talet, nemleg innskytargarantiordninga. I 1924 var det det norske parlamentet som forma og avgjorde den saka. No har vi sett, lært og erfart at EU-parlamentet har gjeve støtte til det norske posisjonen. Parlamentet er (kan henda…) nykelordet både før og no. Elles er det meste annleis. Saka om innskytargarantien er ikkje enno landa; punktum er ikkje sett. Men den saka speglar òg den nye tida – og eit nytt ålment særtrekk ved sparebanknæringa: Lover og rammevilkår og reglar vert meir, oftare og tidlegare til utanlands enn i gamle Norig. Vel, det ikkje eit problem an sich. For som A.O. Vinje skreiv: ”Dei største tankar vi alltid få av verdsens det store vit.” Like viktig er derimot dei påfylgjande strofene hans: ”men desse tankar dei brjotast må, lik strålar av soli som alltid få i kver si bylgje ein annan lit.” Den ævelege utfordringa i politikken er like fullt å omsetja poesi til prosa…

No skal eg straks runda av. Det har eg tenkt og skrive å gjera slik: Eg har vore på fleire vijtingar ute ”i felten” i haust. Mellom anna besøkte eg Indre Sogn Sparebank i august i lag med den eldste dottera mi. Dit kom vi gåande ned frå fjellet og vart tekne godt imot. På fredsælt vis. I 1972 var det derimot amper stemning i den banken, veit eg! Banksjefen ville nemleg ha seg fråbedt oppmodinga frå Utanriksdepartementet om å dela ut offisiell informasjon om EEC til kundane når dei var innom. For min del har eg prøvd å vera nyansert i dag. Det viktigaste har vore å formidla ei personleg og politisk overtyding om at norske sparebankar har mykje å læra av seg sjølve. Om samfunnsansvar med stor S – i samsvar med fjellova; tida og tilhøva. Her er oppgåva kanskje fyrst og fremst å skriva prosaen om til poesi? Takk for meg.