Stortingets president
v/ Stortingets ekspedisjonskontor
Karl Johans gate 22
0026 OSLO

Deres ref

Vår ref

Dato

06/5705 SL

29.11.2006

Svar på spørsmål nr. 234 til skriftlig besvarelse - fra stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn

Eg viser til brev 23. november 2006 frå Stortingets president vedlagt fylgjande spørsmål til skriftlig svargjeving frå stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn:

”Vil finansministeren vurdera å kome med framlegg om justeringar i regelverket for meirverdiavgift slik at det vert lettare å kombinera gardsdrift med ulike tilleggsnæringar, uavhengig av om sjølve tilleggsnæringa er innanfor eller utanfor meirverdiavgiftssystemet?

Grunngjeving:

I eit tilfelle me har vorte gjort kjende med, møter personar som kombinerer gardsdrift med tillegsnæringar vanskar i høve til meirverdiavgifta. Konkret gjeld det investeringar i ei småbåthavn, som etter gjeldande reglar ikkje vert godkjend som næringsinntekt, og dermed ikkje er berettiga for refusjon av inngående meirverdiavgift. P.g.a. manglande momsrefusjon får prislappen på utbygginga eit påslag på fleire hundre tusen kroner. Dette gjer sjølvsagt finansieringa ekstra tung.

I dette tilfellet dreier det seg om eit typisk eksempel på ein utbyggjar som har teke på alvor myndighetene si oppmoding om å vera kretiv i søket etter alternativ tilleggsnæring til gardsdrifta. Manglande høve til å få momsrefusjon for desse investeringane gjer økonomien i prosjektet rett og slett svært krevjande.

Det er gode grunner til at båthavner tidlegare vart teken ut av momssystemet, av omsyn til lik handsaming av båtlag og private utbyggjarar av båthavner. I dette tilfellet har imidlertid regelverket verka negativt når det gjelde muligheten til å utvikla ei tilleggsnæring til gardsdrifta.

Ei mogeleg løysing kunne væra å innvilga ei generell rett til refusjon av meirverdiavgift når investeringane er knytt til å byggje opp tilleggsnæring til gardsdrift, uavhengig av om tilleggsnæringa er innanfor eller utanfor meirverdiavgiftssystemet.

Svar:

Det er rett som representanten Sørfonn skriv at personar som driv med næringsverksemd utanfor meirverdiavgiftsregelverket ikkje har rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift pådratt i slike næringar. Det er ein tilsikta og nødvendig konsekvens av meirverdiavgiftssystemet.

Eg kan ikkje sjå at endringar i meirverdiavgiftsregelverket er vegen å gå for å betre primærnæringane sine mogelegheiter til å satse på tilleggsnæringar. Ein ting er at den typen indirekte subsidiering gjennom meirverdiavgiftssystemet Sørfonn foreslår, ville verke konkurransevridande, til ulempe for andre som driv same type næringsverksemd. Ei slik konkurransevriding ville vere i strid med prinsippet om likebehandling som ligg til grunn for meirverdiavgiftssystemet. Vidare meiner eg at eventuelle statlege bidrag til formål ein ønskjer å støtte bør gjennomførast ved direkte tilskot, og ikkje indirekte i form av avgiftsfritak. Då sikrar ein at tilskotet vert behandla i dei årlege budsjettprosessane. I tillegg er fritaksordningar med på å skape problem med å tolke grenser mellom kva formål som skal prioriterast. Behova for fritak, grunngitt med ulike omsyn, endrar seg over tid. Meirverdiavgiftsregelverket, som skal sikre staten sine inntekter, vil ikkje kunne reflektere slike behov. Det er derfor lite eigna for å tilgodesjå gode formål utanfor lova, til dømes utvalde næringar. Eit mål om at ulike gode formål skal prioriterast gjennom meirverdiavgiftssystemet ville gjort regelverket lite robust, og er derfor ikkje ønskjeleg.

Med helsing
Kristin Halvorsen