07. mai 2007
   

Høyringsnotat – Forslag om obligatorisk fritak for eigedomsskatt for uutbygde delar av Finnmarkseiendommen

 

Frå 2007 kan kommunane velje å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen. Finansdepartementet foreslår at  det vert innført eit obligatorisk fritak for eigedomsskatt for  uutbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark i eigedomsskattelova § 5 med verknad frå og med skatteåret 2007.

1. Innleiing og samandrag

 

Frå 01.01.2007 kan kommunane velje å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen, dvs. på alle næringseigedommar, bustad- og fritidshus og ubebygd grunn. I samband med denne utvidinga av eigedomsskattelova sitt virkeområde, har det oppstått enkelte problemstillingar knytta til utskriving av eigedomsskatt på Finnmarkseiendommen.
 
Ei av problemstillingane er om kommunane i Finnmark ved ei eventuell innføring av eigedomsskatt i heile kommunen, kan skrive ut eigedomsskatt på den eigedom i kommunen Finnmarkseiendommen eig. 

Store delar av finnmarkslova tredde i kraft 1. juli 2006. I samband med ikrafttredinga vart eigedomsretten til ca 95 prosent av grunnen i Finnmark den 1. juli 2006 overført frå statsføretaket Statskog SF til lokalt eigarskap gjennom Finnmarkseiendommen. Arealet er på drygt 45 000 km2, og strekkjer seg over alle 19 kommunane i fylket.

Formålet med finnmarkslova er å legge til rette for at grunn og naturressursar i Finnmark fylke vert forvalta på ein balansert og økologisk berekraftig måte til beste for innbyggjarane i fylket, og særleg som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv.

Finnmarkseiendommen er eit eige rettssubjekt med sete i Finnmark. Finnmarkseiendommen er ein særskild grunneigar som i utgangspunktet står i same forhold til offentlege myndigheiter som andre grunneigarar.

For kommunar i Finnmark som vel å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen, legg departementet til grunn at Finnmarkseiendommen i utgangspunktet er eiendomsskattepliktig for eigedom som den eig. Delar av grunnen i Finnmark er ikkje matrikulert. Departementet legg til grunn at eigedomsskatteplikta vil gjelde uavhengig av om eigedommen er matrikulert eller ikkje.

Departementet foreslår i dette høyringsnotatet å innføre eit obligatorisk fritak for eigedomsskatt for Finnmarkseiendommen sin uutbygde grunn (berre vidda) i eigedomsskattelova § 5. Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft med verknad frå og med skatteåret 2007.

2. Gjeldande rett

 

Eigedomsskatten er ein frivillig, kommunal skatt, jf. lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova). Fram til og med skatteåret 2006 har kommunane berre kunne skrive ut eigedomsskatt i område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang. Vidare kunne kommunane skrive ut eigedomsskatt på ”verk og bruk”, enten i tillegg til fast eigedom innanfor byområde, eller berre på verk og bruk. Nokre typar eigedom er fritekne for eigedomsskatt direkte i lova, medan andre typar kan bli fritekne for eigedomsskatt etter vedtak av kommunestyret.

Eigedomsskattelova vart endra ved lov 16. juni 2006 nr. 25, med verknad frå og med skatteåret 2007, slik at kommunane kan velje å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen som eit alternativ til den tidlegare avgrensinga til område som er utbygd på byvis. Kommunar som vel å skrive ut eigedomsskatt etter dette alternativet, kan skrive ut eigedomsskatt på alle næringseigedommar, bustad- og fritidshus og ubebygd grunn i heile kommunen. Ved lovendringa vart kommunestyret sitt høve til å gjere fritak for driftsdelen av jord- og skogbrukseigedom gjort om til eit obligatorisk fritak med same omfang som den tidlegare gjeldande regelen.

Det framgår av eigedomsskattelova § 4 at eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret i dei kommunene eller områda der det skal skrivast ut slik skatt etter § 3.

2.1 Fritak etter eigedomsskattelova § 7

Eigedomsskattelova § 7 gir kommunestyret høve til å frita enkelte typar eigedomar heilt eller delvis for eigedomsskatt. Eigedomsskattelova § 7 bokstav a gir kommunestyret høve til å frita ”Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten” heilt eller delvis for eigedomsskatt. Vidare gir eigedomsskattelova § 7 d kommunestyret høve til å frita ”Bygning og grunn i visse luter av kommunen” heilt eller delvis for eigedomsskatt. Spørsmålet om kommunestyret kan frita Finnmarkseiendommen heilt eller delvis for eigedomsskatt med heimel i desse føresegnene, er omtalt i avsnitt 3 under departementet sine vurderingar.

3. Departementet sine vurderingar


Det går fram av finnmarkslova § 6 at Finnmarkseiendommen er eit eige rettssubjekt med sete i Finnmark som skal forvalte grunn og naturressursar som den eig i samsvar med finnmarkslova sitt formål. Formålet med finnmarkslova er som nemnt å legge til rette for at grunn og naturressursar i Finnmark fylke vert forvalta på ein balansert og økologisk berekraftig måte til beste for innbyggjarane i fylket og særleg som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv, jf. finnmarkslova § 1.

Finnmarkseiendommen er ein grunneigar som i utgangspunktet står i same forhold til offentlege myndigheiter som andre grunneigarar.
Finnmarkseiendommen vert leia av eit styre på seks personar; tre oppnemnt av Sametinget og tre av Finnmark fylkesting. Som tidlegare nemnt legg departementet til grunn at Finnmarkseiendommen vil vere eigedomsskattepliktig for eigedom som den eig, uavhengig av om eigedommen er matrikulert eller ikkje.

Finnmarkslova bestemmer at det skal opprettast ein eigen kommisjon; Finnmarkskommisjonen, som på grunnlag av gjeldande nasjonal rett skal utgreie bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseiendommen har overteke etter finnmarkslova § 49. Det skal også opprettast ein særdomstol; utmarksdomstolen for Finnmark, som skal behandle tvistar om rettar etter at Finnmarkskommisjonen har utgreia eit felt. Finnmarks-kommisjonen sine utgreiingar og utmarksdomstolen sine avgjerder kan føre til endringar av Finnmarkseiendommen sin eigedomsrett. Ei eventuell innskrenking av Finnmarkseiendommen sin eigedomsrett vil kunne få verknad for eigedomsskatteplikta sitt omfang.

For alle andre eigedomar enn kraftverk, skal fastsetjing av skattegrunnlaget for eigedomsskatt skje etter reglar i byskattelova av 1911. Det framgår av byskattelova § 4 at ”enhver eiendoms skatteverdi fastsettes ved taksering”. Det er kommunane som syter for takseringa og som ber kostnadane ved den. Taksering forutset synfaring.  Ved takseringa skal ein kome fram til ”…det beløp, som eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages at kunne avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg”, jf. byskattelova § 5. Lova sin ordlyd gir uttrykk for at eigedomsskattetakstane skal svare til eigedommane sin omsetjingsverdi. For kommunar med store areal med forholdsvis lav omsetjingsverdi, kan takseringa bli kostbar, slik at det kan stillast spørsmål om ressursbruken står i forhold til dei inntektene som kan påreknast ved ei eventuell ileggjing av eigedomsskatt.

I rettspraksis har det lenge vore framheva at eigedomsskatten er ein objektskatt. Det er eigedommen med det føretekne utbygging som er skatteobjektet, ikkje den aktuelle eigaren si økonomiske interesse i denne. Den salsverdien som byskattelova § 5 viser til, er såleis ikkje den prisen noverande eigar kan oppnå i marknaden på det aktuelle tidspunkt, men ein tenkt pris som ein kjem fram til når ein ser bort frå særlege forhold knytta til den enkelte eigar si utnytting av eigedommen.

Sjølv med ei svært lav verdsetjing av Finnmarkseiendommen sine utmarksareal, vil det på grunn av storleiken likevel kunne bli betydelege summar i eigedomsskatt. Dette vil medføre ei betydeleg økonomisk belastning for Finnmarkseiendommen, som har svært avgrensa inntekter.

Finnmarkseiendommen er først og fremst ein forvaltar av eit stort naturområde, og eigedommen gir grunneigaren små inntekter. Dei siste åra si drift av eigedommen viser inntekter i størrelsesorden 30 millionar kroner, som kjem frå tomtefeste, salg av sand/grus/mineralar, vassfall og vindkontrakter og inntekter frå jakt og fiske. Den dominerande næringsdrifta på Finnmarkseiendommen er samane si reindrift, men dette gir ikkje grunneigaren nokon inntekter.

Finnmarkseiendommen er meint å være sjølvfinansierende. Som nemnt vil det sjølv med ei svært lav verdsetjing av Finnmarkseiendommen sine areal, på grunn av storleiken likevel kunne bli betydelege summar i eigedomsskatt. Finnmarkseiendommen vil truleg ikkje vere i stand til å betale ein eventuell eigedomsskatt med eigne midlar. Det følgjer av finnmarkslova at det ikkje kan åpnast konkurs eller gjeldsforhandlingar hjå Finnmarkseiendommen.
Etter eigedomsskattelova må den enkelte kommune taksere ”sin” del av Finnmarkseiendommen. ”Taket” for verdsetjinga er omsetjingsverdien. Finnmarkslova legg sterke avgrensingar på Finnmarkseiendommen sitt høve til å utnytte og/eller selje delar av arealet dei forvaltar, fordi lova påbyr at det ikkje skal gjerast inngrep i samane og andre sin rett til å bruke området til reindrift, utmarksbruk og anna næringsutøving. Det er usikkert kva vekt kommunane vil leggje på dette ved verdsetjinga.

3.1 Aktuelle fritaksføresegner i eigedomsskattelova


Eigedomsskattelova § 7 bokstav a gir kommunestyret høve til å frita ”Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten” heilt eller delvis for eigedomsskatt.

Finnmarkseiendommen skal forvalte grunn og naturressurser mv. som den eig i samsvar med finnmarkslova sitt formål, jf. finnmarkslova § 6. Det framgår av finnmarkslova § 1 at lova sitt formål er å sørge for at grunn og naturressursar i Finnmark fylke vert forvalta på ein balansert og økologisk berekraftig måte til beste for innbyggjarane i fylket, og særleg som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv.

Finnmarkseiendommen står i ei særstilling gjennom si spesielle lovpålagde forvaltarrolle. Det kan derfor stillast spørsmål om den kan sjåast som ein institusjon som skal ”gagna eit fylke”, jf. eigedomsskattelova § 7 bokstav a.

Etter eigedomsskattelova § 7 bokstav d, kan kommunestyret frita ”Bygning og grunn i visse luter av kommunen” heilt eller delvis for eigedomsskatt. Det må imidlertid krevjast at grunngjevinga er sakleg og at likheitsprinsippet vert ivareteke.

Føresegna har vore knytta opp til alternativet ”utbygd på byvis” i eigedomsskattelova § 3, og har opprinneleg gitt heimel for å unnta område med lavare grad av utbyggjing. Omgrepet ”visse luter i kommunen” vil bli strukke svært langt dersom kommunen ønskjer å frita heile ”sin” del av Finnmarkseiendommen for eigedomsskatt, og Finnmarkseiendommen utgjer det alt vesentlege av kommunen sitt areal.

Det er imidlertid usikkert om kommunane vil ønskje å frita Finnmarkseiendommen for eigedomsskatt. Departementet legg til grunn at mange kommunar truleg ikkje ønskjer å gå glipp av desse inntektene, med mindre utgiftene til taksering vert for høge, eller takseringa av andre grunnar vert for vanskeleg.

4. Forslag til eit generelt fritak for eigedomsskatt for Finnmarkseiendommen


Etter departementet si vurdering er det grunnlag for å skilje mellom Finnmarkseiendommen sine utmarksareal (Finnmarksvidda) og bygningar, næringsdrift og eventuelle (hytte)tomter som ligg på Finnmarkseiendommen. Departementet legg til grunn at likheitsomsyn tilseier at bygningar, næringsdrift og tomter på Finnmarkseiendommen bør ileggjast eigedomsskatt dersom kommunen vel å innføre eigedomsskatt i heile kommunen. Problemstillingane som vert drøfta nedanfor gjer seg berre gjeldande for Finnmarkseiendommen sine utmarksareal (uutbygd grunn).

Som nemnt ovanfor er det kommunane som skal dekkje kostnadane ved taksering av eigedom for eigedomsskatteføremål. For kommunar som har store areal med forholdsvis lav verdi, kan takseringa av eigedommane bli svært kostbar. Takseringa kan krevje store ressursar i forhold til dei inntektene som kan påreknast ved ei eventuell ileggjing av eigedomsskatt. Departementet legg til grunn at dette kan vere situasjonen for fleire kommunar i Finnmark, når det gjeld taksering av kommunen sin del av Finnmarkseiendommen.

Finnmarkseiendommen står i ei særstilling som forvaltar av eit enormt naturområde. Finnmarkslova gir Finnmarkseiendommen påbod om å ivareta spesifikke omsyn ved forvaltninga av dette store naturområdet, og denne særlege forvaltarrolla gjer at departementet ser det som lite hensiktsmessig å ileggje eigedomsskatt på uutbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark.

Finnmarkseiendommen skal ivareta fellesinteresser for innbyggjarane i fylket, samt gi grunnlag for vidareføring av samisk kultur og reindrift. Dette er forhold som gjer at Finnmarkseiendommen ikkje kan utnyttast på same måte som annan eigedom. Situasjonen kan til ei viss grad samanliknast med eksisterande fritak i eigedomsskattelova § 5, der enkelte eigedomar som tener ”ålmennyttige føremål” er obligatorisk fritekne for eigedomsskatt.

Finnmarkseiendommen si spesielle rettsstilling, samt at det store arealet gir grunneigaren små inntekter, gjer også at det etter departementet si oppfatning vil vere lite gagnleg å påleggje eigedomsskatt på desse delane av Finnmarkseiendommen.
 
Departementet ser at det gjer seg gjeldande slike særlege forhold for den uutbygde grunnen til Finnmarkseiendommen at det bør vurderast å innføre eit obligatorisk fritak i eigedomsskattelova § 5. Dette vil sikre at desse delane av Finnmarkseiendommen vert fritekne for eigedomsskatt. Departementet legg til grunn at ingen andre institusjonar står i ei tilsvarande stilling som Finnmarkseiendommen.

På denne bakgrunn finn departementet at det bør fremmast forslag om lovendring slik at uutbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark vert obligatorisk friteken for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 5.

5. Økonomiske og administrative konsekvensar


Eit obligatorisk fritak for uutbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn gjer at finnmarkskommunane får lita økonomisk glede av utvidinga av eigedomsskattelova sitt virkeområde, sidan store delar av grunnen i desse kommunane tilhøyrer Finnmarkseiendommen. Departementet ser at det ut i frå likheitsomsyn kan vere uheldig å frita nesten all fast eigedom i Finnmark fylke (ca 95 prosent av grunnen) for eigedomsskatt.
 
Det økonomisk grunnleggjande i denne saka er likevel at den etablerte og varige grunneigaren av Finnmarksvidda ikkje har driftsinntekter av vidda sin hovudsaklege verdi som beitemark, samtidig som samane og reindriftsnæringa har krav på slik bruk av vidda utan å betale vederlag. Det kan ikkje sjåast som aktuelt å føre eigedomsskatteplikta over på brukarane i ei eller anna form. Departementet ser derfor gode grunnar til å fremme høyring av forslag om obligatorisk fritak for eigedomsskatt på uutbygde delar av denne store eigedommen.

6. Forslag til lovendring

Obligatoriske fritak for eigedomsskatt er heimla i eigedomsskattelova § 5. Som ny bokstav i) i eigedomsskattelova § 5 vert det foreslått å innføre følgjande bestemmelse:

§ 5 Fri for eigedomsskatt er:

i) Uutbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark.

7. Ikraftsetjing

Departementet foreslår at denne endringa i eigedomsskattelova vert sett i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007.