Historisk arkiv

Slutt med toll på truser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det har lenge vore vilkårlege forskjellar i tollsatsane på einskilde klesplagg. Regjeringa ryddar no opp i dette og gjer framlegg om å avvikle tollen på blant anna underty, natty og badekåper. Dette gjev enklare regelverk og billigare varer.

Det har lenge vore vilkårlege forskjellar i tollsatsane på einskilde klesplagg. Regjeringa ryddar no opp i dette og gjer framlegg om å avvikle tollen på blant anna underty, natty og badekåper. Dette gjev enklare regelverk og billigare varer.

Historisk sett har tollsatsane vore fastsette med opphav i beskyttelsesbehovet til den norske industrien. For industrivarer er det no berre toll på klede og einskilde tekstilvarer som handklede, dukar og gardiner. Tollen er avgrensa til i all hovudsak å gjelde import frå utviklingsland, og tollsatsane for desse varene varierer mellom 5,6 prosent og 13,7 prosent av tollverdi. Det er vilkårlege skilnader i tollsatsene innanfor fleire av varegruppene. Dette gjeld blant anna satsen for somme typar underty, natty og badekåper for damer, som er lågare enn for tilsvarande varer for herrar. Regjeringa sitt forslag om å avvikle tollsatsar vil fjerne desse forskjellane. Lettingane gjev eit påløpt provenytap på om lag 40 millionar kroner og eit bokført tap på om lag 37 millionar kroner i 2009.

Generelt vil ein avvikling av tollsatsar føre til lågare importprisar, i tillegg til at det fremjar den økonomiske vinsten ved handel. Avvikling av tollsatsar på industrivarer vil spesielt kome utviklingslanda til gode ved at desse får høve til å konkurrere på like vilkår som Noreg sine frihandelspartnerar om sal av varer til Noreg.

Tekstilar som blir omfatta av forslaget om avvikling av toll:

For herrar eller gutar:

  • Underbukser, truser, nattskjorter, pyjamaser, badekåper, slåbroker og liknande varer
  • Singletar og liknande under­trøyer av vevd stoff

For damer eller jenter:

  • Underkjoler, under­skjørt, under­bukser, truser, natt­kjoler, pyjamaser, neglisjéar, bade­kåper, morgo­kåper og liknande varer
  • Singletar og liknande undertrøyer av vevd stoff