Statsbudsjettet for 2011 blir lagt fram tysdag 5. oktober, og budsjettet blir offentleg klokka 10.00. Finansminister Sigbjørn Johnsen har pressekonferanse klokka 12.30 i R4, Plenumsalen. Dokument blir lagt ut både i møterom 2013 i R4 og i Plenumsalen, og kan hentas frå klokka 10.00.

Dokument blir lagt ut både i møterom 2013 i R4 og i Plenumsalen, og kan hentas frå kl. 10.00.

Kl. 06.30: Finansminister Sigbjørn Johnsen er tilgjengeleg for ein kort kommentar til pressa utanfor sin bolig. Adressa er Gimle terrasse 7. Kontaktperson for finansministeren er politisk rådgjevar Randi Ness, tlf. 90 76 16 82. Ver venleg å vis omsyn for bebuarar i området.

Kl. 10.00: Finansminister Sigbjørn Johnsen held finanstalen i Stortinget. Finanstalen blir overført på storskjerm i Plenumsalen, R4. Pressestoff og budsjettdokument vil vere tilgjengeleg på internett frå klokka 10.00.

Kl. 12.30: Finansministeren held pressekonferanse i Plenumsalen, R4. Konferansen blir overført direkte på nett-tv.

Sjå eigen nettportal til statsbudsjettet. Nettportalen vil – i tillegg til pressestoff og dokument – innehalde A til Å-oversikt over aktuelle tema samt ei fylkesvis oversikt over tiltak i statsbudsjettet.

Finansministeren vil i år også vere tilgjengelig på nett-møte på regjeringen.no tysdag 5. oktober frå kl. 14.00.
https://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dep/finansminister-sigbjorn-johnsen/Nettmoter/2010/nettmote-om-statsbudsjettet-2011.html?id=615799

Budsjettdokument i papirversjon kan ein få frå klokka 10.00 i Plenumsalen, R4. Eitt sett per person er hovudregelen. Føretak og publikum som ynskjer dokument utover dette, kan bestille dokument hos Fagbokforlaget: http://www.fagbokforlaget.no/?kategori=offentlige%20publikasjoner&forside=ja

Statlege bedrifter og organisasjonar kan vende seg til Departementenes Servicesenter for fleire sett med dokument. Tlf.: 22 24 20 00, e-post: publikasjonsbestilling@dss.dep.no eller nettsiden www.publikasjoner.dep.no.