Statsbudsjettet for 2012 blir lagt fram torsdag 6. oktober, og budsjettet blir offentleg klokka 10.00. Finansminister Sigbjørn Johnsen har pressekonferanse klokka 12.30 i R5, Auditoriet. Dokument blir lagt ut både i møterom 1129 i R5 og utanfor Auditoriet, og kan hentas frå klokka 10.00.

Kl. 06.30: Finansminister Sigbjørn Johnsen er tilgjengeleg for ein kort kommentar til pressa utanfor sin bolig. Adressa er Gimle terrasse 7. Kontaktperson for finansministeren er politisk rådgjevar Randi Ness, tlf. 90 76 16 82. Ver venleg og vis omsyn overfor bebuarar i området.

Kl. 10.00: Finansminister Sigbjørn Johnsen held finanstalen i Stortinget. Finanstalen blir overført for journalistar på storskjerm i Auditoriet, R5. Pressestoff og budsjettdokument vil vere tilgjengeleg på internett frå klokka 10.00.

Kl. 12.30: Finansministeren held pressekonferanse i Auditoriet, R5. Kun journalistar kan vere til stade fordi Auditoriet har begrensa kapasitet. Journalistane må vise pressekort. Andre som ynskjer å følgje pressekonferansen kan gjøre det på Nett-TV.

Sjå eigen nettportal til statsbudsjettet: http://www.statsbudsjettet.no.
Nettportalen vil – i tillegg til pressestoff og dokument – innehalde A til Å-oversikt over aktuelle tema samt ei fylkesvis oversikt over tiltak i statsbudsjettet.

Budsjettdokument i papirversjon kan ein få frå klokka 10.00 i R5, rom 1129. Eitt sett per person er hovudregelen. Føretak og publikum som ynskjer dokument utover dette, kan bestille dokument hos Fagbokforlaget: http://www.fagbokforlaget.no/?kategori=offentlige publikasjoner&forside=ja

Statlege bedrifter og organisasjonar kan vende seg til Departementenes Servicesenter for fleire sett med dokument. Tlf.: 22 24 20 00, e-post: publikasjonsbestilling@dss.dep.no .