Historisk arkiv

Statsrekneskapen:

Statsrekneskapen for 2012 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2012 vart 101 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2012 med 532 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2012 vart 101 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2012 med 532 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Statsrekneskapen syner at det oljekorrigerte underskotet vart 3,7 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett, jf. tabell 2 og 4. Tek ein omsyn til fullmaktene departementa har til å bruka meirinntekter til auka utgifter, kjem nedgangen i underskotet av at andre utgifter vart lågare enn venta. Inntektssida medrekna skatter og avgifter frå Fastlands-Noreg vart om lag uendra.

Det oljekorrigerte underskotet vart 19 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2011. Over halvparten kjem av lågare utgifter enn då lagt til grunn. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene 7 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. Desse vart justert opp i samband med Revidert nasjonalbudsjett og har vore om lag uendra etter det. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2012 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2012 no rekna til 105,1 milliardar kroner eller 3,2 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. tabell 1.

Det meste av auken i kapitalen i Statens pensjonsfond er knytt til Statens pensjonsfond utland som ved utgangen av 2012 er bokført i kapitalrekneskapen med 3825 milliardar kroner. Samla verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) var 145 milliardar kroner, jf. tabell 3.

 

Tabell 1 Nøkkeltall 2012-budsjettet
(mrd. kroner) 

Saldert­
budsjett

Nysaldert
budsjett

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

      120,2

        104,6

           100,9

B) Strukturelt underskot

122,2

109,2

105,1

C) Forventa realavkastning (4 prosent)

124,6

132,3

132,3

D) Avstand til 4 pst.-banen (B-C)

-2,4

-23,1

-27,2

E) Strukturelt underskot i prosent av fondskapitalen i SPU

3,9

3,3

3,2

F) Reell underliggjande utgiftsvekst (prosent)

2,1

2,3

1,8

G) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

3,7

H) Overskot i Statens pensjonsfond

345,7

388,7

406,3

I) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

345,7

388,7

409,9

 

 

Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2012
(mrd. kroner)

Frå saldert
til regnskap

Frå nysaldert
til regnskap

Betring av underskotet

                         19,3

                            3,7

Netto inntektsendringar

8,8

3,3

Av dette: Skattar og avgifter

7,0

-0,5

Inntekt av forvaltningsbedriftene

0,2

0,3

Renteinntekt og utbytte utan Statoil

-3,9

0,1

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

 

3,4

Andre inntekter under departementa

5,6

0,0

Netto utgiftsendringer

-10,5

-0,3

Av dette: Dagpengar

-1,5

0,1

Renteutgifter

-2,1

0,0

Utgifter heimla i meirinntekter

 

3,4

Andre utgiftsendringer (netto)

-6,9

-3,8

 

 

 

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond 2012
(mrd. kroner)

Statens
pensjonsfond
utland

Statens
pensjonsfond
Noreg

Samla

Netto kontantstraum frå petroleum

395,5

   

Overført til statsbudsjettet

104,6

   

Renter og utbytte i fondet

109,7

5,7

 

Overskot

400,6

5,7

406,2

Kapital per 1.1.2012

            3 307,9

                129,5

       3 437,4

Overskot

400,6

5,7

 

Valutakursregulering

-219,6

-

 

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

335,6

10,0

 

Kapital per 31.12.2012

3 824,5

145,1

3 969,6

Endring i samla verdi på fondskapitalen

516,6

15,6

532,2

 

 

 

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett
(tal i mill. kroner)

Saldert budsjett
2012

Nysaldert budsjett
2012

Rekneskap 2012

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 237 501

1 276 789

1 290 729

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

376 693

410 492

421 093

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

860 808

866 297

869 636

B

Utgifter i alt

1 006 058

996 849

996 144

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

25 002

26 002

25 610

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

981 055

970 847

970 534

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-120 247

-104 550

-100 898

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

120 247

104 550

104 550

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

0

0

3 652

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

351 691

384 490

395 483

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

120 247

104 550

104 550

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

114 300

108 800

115 307

=

Overskot i Statens pensjonsfond

345 743

388 739

406 240

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond Samla overskot

345 743

388 739

409 892