Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2013

Unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet foreslår at advokatar og andre tredjepartar, utan hinder av lovbestemt teieplikt, skal gi skatte- og avgiftsstyresmaktene opplysningar om pengeoverføringar og innskot på klientkonti.

Finansdepartementet foreslår at advokatar og andre tredjepartar, utan hinder av lovbestemt teieplikt, skal gi skatte- og avgiftsstyresmaktene opplysningar om pengeoverføringar og innskot på klientkonti.

- Vi vil hindre at skatte- og avgiftspliktige kan unngå kontroll ved at dei overfører eller oppbevarer middel på konti hos ein advokat som har teieplikt. Skatteetaten skal få rett til å få same opplysningar frå advokatar sine klientkonti som dei får frå andre bankkonti, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

For å kunne fastsetje korrekt skatt og avgift, er det sentralt at skatte- og avgiftsstyresmaktene får opplysningar om pengeoverføringar. Styresmaktene må få informasjon om kven som står bak transaksjonar og kven som er eigar av inneståande beløp. Finansdepartementet foreslår derfor at advokatar og andre tredjepartar som har slike opplysningar, skal gi denne informasjonen til skatte- og avgiftsstyresmaktene når dei krev det, utan hinder av teieplikta. Departementet foreslår også at dei skal kunne krevje at dei faktiske opplysningane blir dokumentert.

Dette er opplysningar som skatte- og avgiftsstyresmaktene får frå bankar og andre finansinstitusjonar. Når pengar blir oppbevart eller overført til ein advokat sin klientkonto, vil ikkje bankane ha opplysningar om kva for klient advokaten opptrer på vegne av. Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan heller ikkje får desse opplysningane frå advokaten av omsyn til teieplikta.

Forslaget har vore på høyring, og vi har merka oss at fleire instansar har kome med innvendingar mot at forslaget ikkje er tatt inn som ein del av arbeidet til advokatlovutvalet. Forslaget som blir fremma no, har som føremål å tette eit hol i lovgivinga som skapar ein svært uheldig rettssituasjon. Vi kan derfor ikkje vente på advokatlovutvalet si innstilling og at påfølgjande lovendringar kan bli vedtatt. Spørsmålet om skatte- og avgiftsstyresmaktene også bør få opplysningar om andre forhold kor den skatte- eller avgiftspliktige bruker advokat, bør bli vurdert av advokatlovutvalet.

 


 

Mer om Revidert nasjonalbudsjett 2013:

 

Finansdepartementets pressemeldinger og faktaark

Pressekonferansen til finansministeren


Budsjettdokumentene