[18.01.2010]
- Det er gledeleg at norske sjømatprodukt kjem så gunstig ut som dei gjer i berekningane som er gjort om maten sine klimaspor. Sjølv om norske sjømatprodukt er konkurransedyktige når det gjeld karbonfotspor og energibruk, er dette eit arbeid der vi aldri kjem i mål, men heile tida må halde fram for å gjere resultatet enno betre. Det er veldig bra at Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) har finansiert dette prosjektet, og etter det eg forstår, vil halde fram med arbeidet, uttalar fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.