Historisk arkiv

Kartlegging av havbotnen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Med MAREANO har vi starta ei systematisk kartlegging av naturressursane. Kunnskapane dette arbeidet med kartlegging av havbotnen gir oss vil bli avgjerande for den økosystembaserte ressursforvaltninga, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på MAREANO-konferansen i Tromsø i dag. Programmet MAREANO – marin arealdatabase for norske kyst- og havområde – får ei samla løyving i 2008 på 32,6 millionar kroner.

I tillegg til å gje eit langt betre grunnlag for å forvalte dei levande marine ressursane våre på ein forsvarleg og berekraftig måte, styrkar kartlegginga også mulegheitene for lokal næringsverksemd basert på bioprospektering. Altså leiting etter verdfulle, biologiske aktive komponentar frå organismar i havet.

- Menneska har alltid funne medisinar og andre stoff som vi treng på landjorda. Hittil har det vore vanskeleg å leite etter slike stoff i havet. Men ny teknologi gjer no dette lettare, sa Ulriksen.