Historisk arkiv

Gjennomgang av bruken av enkelte legemiddel i kampen mot lakselus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Ein del oppdrettarar brukar såkalte kitin-hemmarar i kampen mot lakselus. Tilgjengeleg kunnskap tilseier at normal og riktig bruk av desse preparata ikkje representer eit miljøproblem. - Dersom bruken skulle bli omfattande kan det føre til uakseptable miljøpåverknader. Derfor har eg teke initiativ til eit møte mellom fiskeri-, helse- og miljøvernstyresmaktene for å drøfte om, og eventuelt korleis, bruken av desse stoffa bør avgrensast fram til ein har kunnskap om verknaden ved meir omfattande bruk, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Alle middel som i dag blir nytta mot lakselus i oppdrettsanlegg er godkjente av Statens legemiddelverk (SLK). Som eit ledd i dette blir også miljøverknader og mattryggleik vurdert. SLK har uttalt at omfattande bruk av stoffa vil kunne gi uakseptable verknader i norske fjordar.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) har sidan 2002 analysert fisk for innhald av ulike lusemiddel. Resultatet frå overvakingsprogrammet viser at det aldri har vore påvist restar av godkjente lusemiddel som overstig internasjonalt fastsette grenseverdiar i oppdrettsfisk til konsum. Mattilsynet har konkludert med at det er trygt å ete både oppdrettsfisk som er behandla med lusemiddel og villfisk som beitar i område rundt anlegga.

Relaterte saker