Støtteopplegg og reguleringar for selfangsten i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 03.02.2011
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett retningslinjer for stønad til fartøy som deltek i selfangsten i 2011, og for stønad til selmottak i 2011. Det er vidare fastsett forskrift om regulering av og rett til å delta i fangst av sel i 2011.

Fiskeri- og kystdepartementet har sett av 7,5 mill. kr til ordninga med fartøystønad. Opplegget er i all hovudsak ei vidareføring av fjoråret si ordning. - Næringa blir sikra klare rammer ved å ha eit opplegg som ligg mest mogeleg fast frå år til år, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
I tillegg til fartøystønaden er det sett av 3 mill. kr til ei generell stønadordning for mottak. Ordninga vil vere ei prøveording i 2011, og aktuelle mottak må fylle eit sett med inngangskriteriar for å delta.
Departementet har vidare fastsett forskrift om regulering av og rett til å delta i fangst av sel i 2011. Forskrifta vidarefører i hovudsak forskriftene om regulering og deltaking av selfangsten som gjaldt i 2010. Det er gjort eit redaksjonelt grep ved at dei to forskriftene frå og med 2011 er slått saman til éin forskrift.