Historisk arkiv

Ny norsk Bocuse d’Or

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Ørjan Johannessen frå Bekkjarvik i Hordaland vann gullmedalje i Bocuse d’Or Europe, 21.mars 2012. Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen gratulerer.

Ørjan Johannessen frå Bekkjarvik i Hordaland vann gullmedalje i Bocuse d’Or Europe, 21.mars 2012. Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen gratulerer.

- Eg vil gratulere Ørjan Johannessen med ein enorm prestasjon i Bocuse d'Or. Eg er samtidig svært imponert over det norske kokkemiljøet si evne til gong på gong å bringe fram nye talent. Dette betyr svært mykje for å kunne vise fram norsk sjømat på sitt beste og vise vår styrke som ein unik matregion, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Ørjan Johannessen vart Årets kokk i 2011 og vann NM i kokkekunst i 2010. Han har tidlegare arbeidd ved Gastronomisk Institutt og vore kokk på Det norske kokkelandslaget. I dag arbeider han i familiebedrifta Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll kommune, der han også har vakse opp.

-Eg har faktisk sjølv hatt gleda av å ete sjømat på Bekkjarvik Gjestgiveri under eit besøk i Austevoll. For meg understreka denne opplevinga nok ein gong at vi langs norskekysten både kan produsere og lage til mat i verdsklasse, seier Berg-Hansen.

Bocuse d'Or er verdas mest prestisjetunge kokkekonkurranse og blir arrangert anna kvart år i Lyon, Frankrike. Les meir om konkurransen og Ørjan Johannessen sin vinnarmeny på Bocuse d’Or Norge si heimeside.