Kongen i statsråd har i dag godkjent nye kvotetak for kystflåten over 11 meter.

- Skal fiskaryrket i framtida bli sett på som eit attraktivt yrke og gi ei god inntekt å leve av, må inntektene følgje pris og lønnsutviklinga i samfunnet elles.  Ikkje minst er det viktig for rekrutteringa. Med dei nye kvotetaka legg vi no til rette for at fartøyeigarane i kystflåten kan auke sitt driftsgrunnlag, og dei får også større fleksibilitet i å kombinere ulike fiskeri, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fartøyeigarar med båtar over 11 meter vil no kunne auke kvotetaket på sitt fartøy, og i tillegg velje om dei vil spesialisere drifta i torskesektoren eller i pelagisk sektor (sild og makrell) eller om dei vil vere like store i begge sektorar.

- Ein slik valfridom tek omsyn til at vi har ein variert kystflåte med stor geografisk spreiing, og som er tilpassa ulike former for fiske, seier Berg-Hansen.

Ordningane trer i kraft frå i dag.

Fakta om dei nye ordningane:

  • For fartøy med heimelslengd over 15 meter blir kvotetaket fire gonger fartøyet sin grunnkvote innanfor ein av sektorane og to innanfor den andre (4 + 2). Alternativt tre gonger fartøyet sin grunnkvote, både i torskesektoren og i pelagisk sektor (3 + 3). Ved strukturering ut over tre grunnkvotar, blir avkortinga heva frå 20 til 30 prosent.

  • For fartøy med heimelslengd mellom 11 og 15 meter blir kvotetaket tre gonger fartøyet sin grunnkvote innanfor ein av sektorane (3 + 1), eller to gonger fartøyet sin grunnkvote, både i torskesektoren og i pelagisk sektor (2 + 2).

 

Kongelig resolusjon - forskrift om endring av forskrift 7. november 2003 nr. 1309 om spesielle kvoteordninger for kystfiskeflåten (pdf-format)