Regjeringa vil vidareføre drifta ved dei fire norske
Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane),
Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen i
2006. Bakgrunnen er fornya interesse for dette bakkebaserte
navigasjonssystemet i Europa.
Noreg har sagt opp den nordvesteuropeiske samarbeidsavtalen
om Loran-C-samarbeidet (NELS-avtalen). Det har vidare vore bestemt
at Noreg skal stanse drifta av Loran-C frå 1.1.2006. Danmark,
Tyskland, Nederland og Irland har også vedteke å trekkje seg frå
avtalen. Frankrike vil vidareføre drifta av Loran-C.
Det er no fornya interesse i Europa
for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte
navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag ingen endeleg avklaring i
saka. Fiskeri- og kystdepartementet har blant anna fått
oppmodingar frå EU og frå britiske og franske styresmakter om
vidare drift av Loran-C. Storbritannia har starta nasjonal
prøvedrift av Loran-C, medan Frankrike har bestemt å vidareføre
systemet til 2015.
Også Russland har vist interesse
for vidare norsk drift, og eit muleg samarbeid med det tilsvarande
russiske navigasjonssystemet – Chayka.
- Regjeringa gjer difor framlegg
til Stortinget om å vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C
stasjonane i 2006. Dei avgjerder som vert tatt i Europa i 2006 når
det gjeld val av backup-system blir retningsgjevande for kva som
vil skje med drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter
2006, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.