- Kyststatsavtalen om norsk vårgytande sild opnar for 10 prosent kvotefleksibilitet frå år til år. På grunn av den gode marknadssituasjonen set vi no dette i kraft på fartøynivå for ringnotflåten og dei pelagiske trålarane. Fartøya kan dermed fiske 10 prosent meir enn kvoten sin i 2008, og dette vil bli trekt frå kvoten i 2009, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Det er Norges Fiskarlag, Sør-Norges Trålerlag, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Sildesalgslag som har tatt opp denne saka. Ei samla næring viser til at kvotefleksibiliteten kan sikre industrien tilgang på råstoff i desember. Det står no att om lag 20 prosent av sildekvoten for i år, og med same fangstnivå som dei siste vekene inneber det at kvoten kan vere oppfiska allereie i november.

- Kvaliteten på norsk vårgytande sild er best om hausten, og i ein marknad med stor etterspørsel vil det vere uheldig om produksjonen av sild til konsum stoppar opp. Derfor gir vi no klarsignal til å utnytte ordninga for kvotefleksibilitet over årsskiftet på fartøynivå, seier Helga Pedersen.

Ordninga med kvotefleksibilitet gjeld frå og med måndag 10.november 2008.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Sverre Johansen tlf. 22 24 64 47

------------------------------------------------------------------------------------------

Om ordninga

Fiskeridirektoratet vil i løpet av nær framtid kunngjere nærare detaljar om ordninga. Kvotefleksibilitet inneber at eit fartøy som har ein kvote på til dømes 5000 tonn norsk vårgytande sild i 2008 kan fiske inntil 500 tonn ekstra allereie i år.

Dersom fartøyet utnyttar dette fullt ut så vil 500 tonn bli trekt frå kvoten i 2009. På same måte vil eit fartøy som ikkje fiskar heile 2008-kvoten sin kunne overføre inntil 10 prosent av denne til neste år, med mindre fartøyet har avgitt resten av 2008-kvoten sin  gjennom slumpfiskeordninga. Det betyr at eit fartøy med 5000 tonn i kvote, men som berre fiskar 4500 tonn i år, kan overføre 500 tonn til 2009.

Fartøy som har avgitt eller mottatt kvote gjennom slumpfiskeordninga har ikkje høve til å nytte seg av ordninga med kvotefleksibilitet. Det er vidare ikkje høve til å overføre slumpfiskekvotar over årsskiftet, eller å "slumpe" den forskotterte delen av 2009-kvoten til eit anna fartøy i 2008.