Lovbeskyttelse av produktnamnet Tørrfisk fra Lofoten skal sikre eksklusiviteten til ei av dei eldste norske eksportvarene. Tørrfisk fra Lofoten er det andre sjømatproduktet som får beskytta produktnamn. Både i volum og verdi er tørrfisken det desidert største produktet med norsk lovbeskyttelse. Beskyttelsen har heimel i den offentlege norske merkeordninga Beskytta nemningar.


 

- Det er viktig for fiskeri- og sjømatnæringa at lovbeskytta produktnamn også har juridisk vern i dei største eksportmarknadane våre. Derfor ønskjer vi å medverke til at Tørrfisk fra Lofoten også skal få juridisk vern i EU. Fiskeri- og kystdepartementet har løyvd midlar for at KSL Matmerk skal kunne starte arbeidet med ein søknad med tilhøyrande dokumentasjon for å oppnå juridisk vern i EU, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Tørrfisk vil med dette bli det første produktet Noreg søkjer om å få opphavsbeskytta i EU.  

Tørrfisken frå Lofoten representerer ein stor, viktig og ikkje minst tradisjonsrik del av norsk fiskerinæring. Det ligg ei kvalitetssatsing i det samarbeidet som tørrfiskprodusentane no har starta. Dette er også eit viktig ledd i arbeidet med å profilere og marknadsføre norsk sjømat. 

Produktnamnet Tørrfisk fra Lofoten er godkjent som ei beskytta geografisk nemning med grunnlag i føresegnene i den offentlege lovbaserte merkeordninga Beskytta nemningar. Beskyttelsen inneber at tørrfisk produsert under namnet Tørrfisk fra Lofoten skal vere produsert av gytemoden torsk/skrei (gadus morhua) som er fanga rundt Lofoten og Vesterålen i perioden februar til april og naturtørka, sortert og pakka i Lofoten. Alt etter vertilhøva tek tørkeprosessen frå tre til fire månader. Beskyttelsen gjeld tørrfisk som tilfredsstiller krava i sorteringane Prima og Sekunda.

Se sidene til KSLmatmerk: Tørrfisk fra Lofoten med lovbeskyttelse

Les meir om merkeordninga Beskytta nemningar  www.beskyttedebetegnelser.no