- Vraket og forureininga i botnsedimenta skal bli handterte på ein forsvarleg måte både for miljø og for menneske, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen då ho i dag tok imot tilrådinga frå Kystverket og utgreiingane frå Det norske Veritas om vraket av ubåten U-864 som ligg utanfor Fedje i Hordaland.

- U-864 er det vraket som er best utgreidd i norsk historie. I dette arbeidet har ei rekkje norske og utanlandske ekspertar bidrege med kunnskapen sin innanfor mange fagfelt. Eg håpar utgreiingane og rapporten frå Kystverket og Det norske Veritas, kan bidra til å gi svar på mange av dei spørsmåla som har skapt usikkerheit rundt vraket, sa fiskeri- og kystministeren.

– Eg skal no arbeide for ei rask avklaring, slik at vi kan setje i verk konkrete tiltak for å handtere forureiningsfaren både frå vraket og havbotnen så snart som det er praktisk mogleg, avslutta fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Kontakt: Pressevakt i Fiskeri- og kystdepartementet, tlf. 22 24 66 99

Lenker: