Fiskeri- og kystdepartementet har saman med Fiskeridirektoratet løyvd 300.000 kroner for å sikre at forsøk med uttak av rømd oppdrettslaks på gyteplassane mellom anna i Etnevassdraget, kan starte opp snarast. 

Uttak av rømd oppdrettslaks på gyteplassane kan vere eit effektivt tiltak for å redusera konsekvensane av rømming frå havbruksnæringa. Vellukka uttak er avhengig av gode metodar for å skilje oppdrettsfisk frå villfisk.

- Med denne ekstraordinære løyvinga gjer vi det muleg allereie no i haust å utvide forskinga kring metodeutvikling slik at vi får betre verktøy for å redusere konsekvensane av rømming, og dermed også styrke dei mest sårbare villaksstammane, seier statssekretær Vidar Ulriksen.
 
Med atterhald om at Fylkesmannen gjev løyve, vil Havforskingsinstituttet og samarbeidspartar i haust gjennomføre forskingsbaserte uttak av rømd laks frå oppdrett i m.a. Etneelva. Forskingsaktiviteten som det no vert løyvd ekstra midlar til, skal tilpassast metodar for prøvefiske og sikker identifisering av rømd laks frå oppdrett.

For nærare informasjon, sjå eigen sak på Fiskeridirektoratet si heimeside.

Kontaktperson: Avd.dir Yngve Torgersen, mob.: 901 43 951