Næringssalt i norske kystområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Dato: 30.11.2011
Ekspertgruppe presenterer konklusjonane i rapport om verknadene av tilførslar av næringssalt i norske kystområde. Tid og stad: Fredag 2. desember, kl 09:00 i møterom 117 i Fiskeri- og kystdepartementet sine lokale i Grubbegata 1.
Ekspertgruppe presenterer konklusjonane i rapport om verknadene av tilførslar av næringssalt i norske kystområde.
Rapporten blir presentert for fiskeri- og kystministeren på eit ope møte av professor Stein Fredriksen frå Universitetet i Oslo.
Tid og stad: Fredag 2. desember, kl 09:00 i møterom 117 i Fiskeri- og kystdepartementet sine lokale i Grubbegata 1.
I samråd med Miljøverndepartementet oppretta Fiskeri- og kystdepartementet i januar 2010 ei ekspertgruppe som skulle sjå på næringssaltsituasjonen i kystområda, med særleg vekt på Hardangerfjorden og Boknafjorden.
Det har ei tid føregått ein fagleg diskusjon om kva som er årsakene til endringar i økosystema i ein del kystområde, der særleg sukkertaren ser ut til å vere påverka. Årsakene til at sukkertaren har blitt borte frå deler av kysten, blir delvis knytt til auka tilførsler av næringssalt frå havbruksaktivitetar og gjennom avrenning frå land og dels til spesielt høge sommartemperaturar i sjøvatnet i nokre år.
Ekspertgruppa har vore leia av professor Stein Fredriksen, Universitetet i Oslo. Dei andre medlemmene har vore førsteamanuensis Kjersti Sjøtun, UiB, professor Yngvar Olsen, NTNU, seniorforskar Trine Dale, NIVA, seniorforskar Vivian Husa, Havforskingsinstituttet, seniorforskar Hartvig Christie, NIVA og seniorforskar Hein Rune Skjoldal, Havforskingsinstituttet.
Kontakt: pressevakt 22 24 66 99