Historisk arkiv

16 millionar kroner i auka løyving til BarentsWatch

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

– Informasjonssystemet BarentsWatch er ei viktig og konkret oppfølging av nordområdemeldinga. Målet er å videreutvikle eit verktøy som gir oss samla oversikt over det som skjer i dei store havområda våre, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

– Informasjonssystemet BarentsWatch er ei viktig og konkret oppfølging av nordområdemeldinga. Målet er å videreutvikle eit verktøy som gir oss samla oversikt over det som skjer i dei store havområda våre, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Kystverket har fått i oppdrag å etablere BarentsWatch, eit heilskapleg informasjonssystem for dei norske hav- og kystområda. Systemet består av ein open del (informasjons-portal) og ein lukka del (informasjonsutveksling mellom etatar med forvaltingsansvar i norske sjøområde). Første versjon av den opne delen vart lansert 30. mai 2012, og det er starta utvikling av dei første tenestene i lukka del.

Forslaget til auka løyving gir rom for å utvikle eit sikkert nett mellom etatane som har ansvar knytt til sjøtrafikken. Eit slikt nett er nødvendig for at etatane skal kunne utveksle sensitive data seg i mellom. Eit sikkert nett vil mellom anna effektivisere samarbeidet for å avdekkje ulovleg aktivitet. Ein første versjon av eit sikkert nett vil kunne etablerast i 2013.

Kystverket vil også starte utviklinga av eit heilskapleg anløpsregime for skipsfarten. Ein første versjon av denne tenesta kan vere ferdig utvikla i 2014. Eit heilskapleg anløpsregime vil verifisere eigenrapporteringa frå skipsfarten med å kople saman ulike datakjelder. Dette vil gjere det lettare kunne avdekkje unormal aktivitet.