Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Brussel 23. -25. april. Under besøket møter ho EUs fiskerikommissær Maria Damanaki. Ho er også for andre gong invitert til å møte i Fiskerikomiteen i Europaparlamentet, der ho innleier til debatt. Berg-Hansen skal besøkje sjømatmessa European Seafood Exposition 2012, og i tillegg ha samtaler med fiskeriministrane frå Canada og Skottland.

- Eg ser fram til politiske møte og samtaler i Europaparlamentet, med kommissær Damanaki og med mine canadiske og skotske kollegaer. Noreg er ein stor hav- og sjømatnasjon. Befolkningsveksten i verda gjer at behovet for mat aukar, og då er ressursane i havet og i havbruket og vår forvaltning av dei, avgjerande. EU og Canada er begge sentrale samarbeidspartnarar når det gjeld havressursforvaltninga, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Utdrag frå statsråden sitt program:

Tysdag 24. april
0915 – 1000: Europaparlamentets Fiskerikomité

1200 – 1300: Møte med EUs fiskerikommissær Maria Damanaki 
                    (stad: Berlaymont)

1345 – 1630: Statsråden møter eksportørane på den norske fellesstanden på     
                    sjømatmessa (i regi av Innovasjon Noreg)

1640 – 1700: Samtale med den skotske fiskeriministeren Richard Lockhead 
                    (stad: Skottlands fellesstand på messa)


Onsdag 25. april
1030 – 1130: Møte med den canadiske fiskeri- og havministeren Keith Ashfield
                    (stad: Den norske EU-delegasjonen)

Kontakt:
Pressevakt i Fiskeri- og kystdepartementet:  + 47 22 24 66 99
Lars-Erik Hauge,  Informasjonsråd ved den norske EU-delegasjonen – mob. +32 (0) 494 535 820
Avdelingsdirektør Sverre Johansen – mob. + 47 980 51 507