Presseinvitasjon:
Overlevering av kvalitetssikra utgreiing om Stad skipstunnel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.03.2012
Kystverket si utgreiing om Stad skipstunnel vart lagt fram ved årsskiftet 2010/2011. Arbeidet med kvalitetssikring (KS 1) av utgreiinga er ferdig og vil bli overlevert fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen tysdag 27. mars.

Tid og stad:
Fiskeri- og kystdepartementet, Grubbegata 1 – møterom Skrova 1. etasje tysdag 27. mars kl. 14.00-15.00.
Kvalitetssikringa er gjennomført av Holte Consulting AS og Pöyry AS på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet.
Rapporten blir presentert for fiskeri- og kystministeren, og media er velkomne til å vere til stades under presentasjonen.
Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99