Opnar for fleire unntak frå fjordlinjene
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 103/2013 | Dato: 03.10.2013
Fiskeri- og kystdepartementet opnar for fleire unntak frå forbodet mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter.
Fiskeri- og kystdepartementet opnar for fleire unntak frå forbodet mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter.
I januar i år vart det innført eit generelt forbod mot å fiske innanfor fjordlinjene med fartøy over 15 meter. I sommar vart det opna for at fartøy over 15 meter kan fiske sei med not innanfor fjordlinjene i enkelte område i Finnmark. Det blir no opna for fleire unntak frå denne føresegna, nærare bestemt i fisket etter brisling, makrell og sild og for linefiske etter hyse og sei.
- I fisket etter brisling blir det unntak frå og med Trondheimsfjorden og sørover.
- I fisket etter makrell blir det unntak frå fjordlinja vest for Andøya og alle fjordlinjer lenger sør, unntatt aust for ei linje trekt vest for Ofotfjorden mellom Lødingen og Bognes.
- I fisket etter sild blir gjeldande høve til dispensasjon i utøvingsforskrifta (§ 33d tredje ledd) erstatta med eit generelt unntak i same områda for fartøy under 21 meter, det vil seie i områda sør og vest for linjer trekte ved Sørøya.
- I fisket med line etter hyse og sei med fartøy under 21 meter i alle område frå og med Vestfjorden og sørover, unntatt aust for ovannemnde linje trekt vest for Ofotfjorden.
Unntaka gjeld mellombels fram til 31. mars 2014.