Strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring vurderer det slik at rømming av fisk, saman med lakselus, er dei områda der miljøutfordringane er størst. Utfordringa ved rømming gjeld genetikk, økologi og risiko for sjukdomsspreiing. For næringa inneber rømming økonomiske tap i tillegg til svekka omdømme. Arbeidet mot rømming er prioritert høgt, og både næringa og styresmaktene arbeider på brei front for å få ned rømmingstala.